Hjem
Globale samfunnsutfordringer
Arrangement

Konflikt og krigsstøtte - korleis riggar vi oss for framtida?

Kva seier krigens lover om militærstøtte? Når vert Noreg part i ein krig og kva ansvar får Noreg for korleis våpena vert brukt?

En Antonov An-124 på Gardermoen flystasjon flaster inn en Leopard  2 berger som skal doneres til Ukraina.
Foto/ill.:
Onar Digernes Aase / Forsvaret

Hovedinnhold

Noreg har bidratt med militær støtte til Irak og Afghanistan, og gir no både trening og militært utstyr til Ukraina. Kva skal til for at Noreg vert rekna som ein aktiv part i krigen? Kva ansvar får Noreg for korleis våpena vert brukt?

Marthe Sleire Engedahl (Juridisk fakultet) forskar på krigens lover. Ho er jurist og har tidlegare jobba for det norske forsvaret i Irak. I samtale med Simon Øverland (Leder for Globale samfunnsutfordringer, UiB) vil ho ta oss gjennom kva lover som gjeld i krig og kva dette betyr for Noreg.

Arrangementet finn stad på Litteraturhuset i Bergen og er gratis og ope for alle.