Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Praksisbedrift

Tysnes kommune

I Tysnes kommune vil studenten få erfare forholdet mellom politikk og administrasjon. Studenten vil bli ein del av organisasjonen, og samstundes jobba saman med oss for å drifta, og utvikla tenestetilbodet og samfunnet, til det beste for våre innbyggjarar.

Tysnes
Foto/ill.:
Tysnes kommune

Hovedinnhold

Tysnes er ein øykommune i Sunnhordland. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar, er landsfast med bru over Lukksund til Fusa og Kvinnherad, og har gode ferjeforbindingar til Os i nord og Stord i sør. Tysnes er ein stor hytte- og feriekommune, og i spesielt sumarhalvåret er det god aktivitet i reiseliv og turistnæringa.

Kommunen har eit variert næringsliv. Tysnes er ein stor oppdrettskommune, og ligg i eit område med stor aktivitet i den blå næringa. Samtidig har ein eit bredt utval små og mellomstore bedrifter innafor industri, trevare, handel, landbruk, restaurant og kortreist mat.

Tysnes husar eit av dei største kulturarrangementa på vestlandet, Tysnesfest. Tysnesfest vert arrangert i juli kvart år, og kommunen er ein viktig samarbeidspartner i arbeidet med å arrangere festivalen. I tillegg til Tysnesfest er kommunen rik på historie og kulturliv.

Praksisstudent i Tysnes kommune

Gjennom praksisopphald i Tysnes kommune får du mogligheit til å delta i politiske prosessar, møter med sentrale delar av kommuneadministrasjonen, og få mogligheit til å knyta kontaktar både innan offentlige institusjonar og privat næringsliv. Det er viktig for Tysnes å gje studenten relevant erfaring. Det vil difor i stor grad bli lagt vekt på kva studenten ynskjer å jobba med, når me skal leggja til rette for praksisperioden. Det er også viktig for oss at studenten får utfordra seg, og at studenten får oppgåver som krev ansvar.