Hjem
Institutt for sammenliknende politikk

NOREC

Norec er ein etat under Utanriksdepartementet, og ein del av Noregs samla innsats for å nå FNs berekraftsmål. I over 20 år har organisasjonar, institusjonar og bedrifter fått utvikle seg gjennom Norec-modellen; utveksling av folk

Hovedinnhold

Med eit Norec-tilskot sender arbeidsplassen tilsette på utveksling i eit anna land. Når medarbeidaren kjem tilbake, får heile organisasjonen nytte av det hen har lært. Den tilsette får internasjonale arbeidserfaring, nye ferdigheiter og unike impulsar.

Norec tok i 2020 over ansvaret for å rekruttere nordmenn til multilaterale organisasjonar frå Utanriksdepartementet. Å få fleire nordmenn inn i FN og Verdsbanken er viktig for at Noreg skal nå sine utviklingspolitiske mål.

 

Vi kan tilby fagleg relevante arbeidsoppgåver for studentar i samanliknande politikk. Her er eksempel på ulike oppgåver som kan vere aktuelle:

· Samle inn og kvalitetssikre data

· Gjere utgreiingar i samband med nye og eksisterande aktivitetar

· Hente inn og omarbeide litteratur og forsking

· Forenkle og framstille resultat og forsking til bruk i formidling

Les meir om Norec på heimesidene våre.