Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Stein Rokkan-prisen for samanliknande samfunnsforsking

Marius R. Busemeyer får Rokkan-prisen 2015

Professor Marius R. Busemeyer ved Universitetet i Konstanz vil bli tildelt Stein Rokkan-prisen for samanliknande samfunnsforsking i regi av ECPR.

Marius Busemeyer
Marius Busemeyer får Rokkanprisen for samanliknande samfunnsforsking i 2015.
Foto/ill.:
ISSC

Hovedinnhold

Busemeyer blir tildelt Rokkan-prisen frå ECPR for boka «Skills and Inequality: Partisan Politics and the Political Economy of Education Reforms in Western Welfare States» (2014, Cambridge University Press). Busemeyer argumenterer i denne boka for at utdanningssystem er sentrale for å forstå utviklinga av dei vestlege velferdssystema.

Juryen skriv at Busemeyer argumenterer «gjennom ei samanliknande historisk analyse som trekk seg tilbake til etterkrigstida i Tyskland, Sverige og Storbritannia på ein måte som er nyskapande med tanke på analytiske ambisjonar, teoretisk sofistikert, uvanleg vidtrekkande i empirisk omfang og svært metodisk omhyggeleg. På dette viset utgjer denne boka 'eit svært viktig og nyskapande bidrag til den samanliknande samfunnsforskinga', som er hovudkriteriet for utdeling av Rokkan-prisen.

Les meir om juryen si grunngjeving på nettsidene til International Social Science Council, ISSC.

Rokkan-prisen

Rokkan-prisen for samanliknande samfunnsforsking blir delt ut som eit samarbeid mellom International Social Science Council (ISSC), European Consorium for Political Research og Universitetet i Bergen. Prisen er på USD 5000 og blir delt ut ein gong i året.

Prisen blir delt ut til samanliknande arbeid i ein kvar samfunnsvitskapleg disiplin. Juryen deler ut prisen på vilkår av at arbeidet skal ha gjeve eit viktig og nyvinnande bidrag til den samanliknande samfunnsforskinga.

Busemeyer

Busemeyer har studert statsvitskap, økonomi og offentleg rett ved universitetet i Heidelberg, der han også tok doktorgraden i 2006. Vidare arbeidde han som forskar ved Max Planck-instituttet for samfunnsforsking i Köln fram til 2010. I dag er han tilsett som professor ved Universitetet i Konstanz, der han fokuserer på samanliknande politisk økonomi, velferdsstatar, offentleg forbruk, sosialdemokratiske parti og teoriar om institiusjonell endring.