Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Ny bok

Venting som analytisk perspektiv gir ny innsikt

Forskarar frå UiB sitt WAIT-prosjekt er ute med ny bok om venting både som sosialt fenomen i migrasjon og som eit analytisk perspektiv på migrasjonsprosessar.

Bokframside Waiting and the Temporalities of Irregular Migration
Boka blei gitt ut på Routledge forlag i oktober, og ligg gratis tilgjengeleg for nedlasting på deira nettsider.
Foto/ill.:
Routledge

Hovedinnhold

WAIT – I vente på en usikker fremtid: temporaliteter rundt irregulær migrasjon er eit forskingsprosjekt ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) som varte frå 2016 til 2020. Prosjektet tok utgangspunkt i teoriar om tid og venting som reiskap for å produsere ny og kritisk kunnskap om dei kulturelle føresetnadane for, og implikasjonane av, migrasjon i vår tid. Den nye boka er eit resultat av arbeidet med dette prosjektet.

Behov for nye, kritiske perspektiv

I boka, Waiting and the Temporalities of Irregular Migration, hevdar forfattarane at venting som eit analytisk perspektiv gir ny innsikt i dei komplekse og skiftande prosessane rundt grenser, tilhøyrsle, statsmakt, eksludering/inkludering og sosiale relasjonar i irregulær migrasjon. Kapitla i boka tek opp juridiske, byråkratiske, etiske, kjønna og affektive dimensjonar av tid og migrasjon.

– Den pågåande handteringa av migrasjon i Europa og andre delar av verda har hatt katastrofale konsekvensar, og vi treng nye, kritiske perspektiv for å utfordre denne, seier Christine M. Jacobsen, prosjektleiar for WAIT og ein av redaktørane og forfattarane av boka.

– Fokuset på temporalitet og venting opnar opp for eit slikt kritisk engasjement og gir ny innsikt i maktstrukturar.

Relevanse for den globale pandemien

Boka presenterer både etnografisk og anna empiribasert forsking og tverrfaglege teoriar, og er relevant for forskarar frå både antropologi og sosiologi, samt alle som er interessert i temporalitetar, migrasjon, grenser og makt.

– Eg håpar at måten boka utviklar venting på som analytisk perspektiv kan inspirere til tenking rundt den temporale dimensjonen av makt og ulikheit utover studiet av irregulær migrasjon, seier Jacobsen.

– Det er blant anna svært relevant å tenke på venting og usikre framtider på bakgrunn av den pågåande globale pandemien.

Smakebitar frå boka under WAIT sin sluttkonferanse

Under WAIT sin sluttkonferanse 1. og 2. oktober, Waiting for uncertain futures: Time and migration, introduserte fleire av forfattarane kapitla sine i ein video som blei kringkasta til alle konferansedeltakarane. Sjå videoen her:

Presentation of chapters from the book "Waiting and the Temporalities of Irregular Migration."

Forskarar frå Hellas, Noreg, Sør-Afrika, Frankrike og USA presenterer kapitla sine i videoen.

Produsent:
Anders Rubing