Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i europastudier

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i europastudium gir kunnskap om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Temaet vert drøfta frå fleire perspektiv med hovudvekt på historiske føresetnader, økonomiske prosessar og politiske institusjonar i Europa i dag. Gjennom studiet får studentane fordjupe seg i dei politiske prosessane som har prega europeisk politikk, føresetnadene for europeisk integrasjon og den institusjonelle utviklinga i EU sidan 1945. Det er forventa at studentane dreg på utveksling til eit europeisk land for ytterlegare å spesialisere seg innan europeisk historie og politikk.

Læringsutbyte

Ved fullført program skal kandidatane ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har skaffa seg grundig oversyn over europastudiar innanfor statsvitskap og historie.
  • har tileigna seg grunnleggande kunnskap om den politiske utviklinga i Europa, føresetnadane for europeisk integrasjon og den institusjonelle utviklinga i EU.
  • har skaffa seg kunnskap om utviklinga i Europa når det gjeld ressursar, demografi og økonomi og korleis institusjonar, system og prosessar har påverka europeisk historie sidan 1945
  • har kjennskap til teoriar om europeisk integrasjon og utviklinga av EU frå ein mellomstatleg økonomisk fellesskap til ein overnasjonal og grunnlovsstrukturert politisk union
  • kan oppdatere og utvikle kunnskapen sin om europeisk politikk og samtidshistorie ved å innhente og vurdere ny informasjon, og kjenner til forskings- og utviklingsarbeid på området
  • har kjennskap til drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva for stadium desse prosessane har gått gjennom i ulike land i Europa (spesialisering i samanliknande politikk)
  • har godt oversyn over både eldre og nyare europeisk historie (spesialisering i historie)
  • har tileigna seg grunnleggande kunnskap om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie. Kunnskapen omfattar norsk, europeisk og global referanseramme (spesialisering i historie)
  • har særskilt god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar (spesialisering i historie)
  • har god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål i faget (spesialisering i historie)

Ferdigheiter

Kandidaten

  • forstår og kan analysere europeisk politikk kritisk.
  • kan vurdere statsvitskaplege og historiske problemstillingar kritisk.
  • kan kritisk analysere faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt frå denne litteraturen, argumentere for eigne konklusjonar
  • har evne til å formulere presise og relevante problemstillingar om europeisk politikk og historie, evne til å planlegge og gjennomføre analysar og utgreiingar av slike problemstillingar og evne til å justere si eiga gjennomføring av desse under rettleiing
  • har opparbeidd seg kjennskap til ulike statsvitskaplege analysemåtar og fått øving i bruk av statistiske og kvalitative metodar (spesialisering i samanliknande politikk)

Generell kompetanse

Kandidaten

  • evne til kritisk refleksjon kring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som god kjeldebruk, presisjon og etterprøving
  • har analytiske evner som gjer kandidaten i stand til å tileigne seg kunnskap ut over lærestoffet i studiet
  • har evne til å formulere presise og relevante problemstillingar og til å gjennomføre analysar og utgreiingar av desse.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Kjennskap til fransk, tysk eller andre europeiske språk er ein føremon, mellom anna ved utveksling.

Innføringsemne

Examen philosophicum

Obligatoriske emne

Felles: SAMPOL103, EUR101, EUR103, EUR105

Fordjuping samanliknande politikk: MET103, MET104, SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107, SAMPOL260

Fordjuping historie : HIS101, HIS113/HIS114, HIS102, HIS115/HIS116, HIS250, HIS203

Rekkefølgje for emne i studiet

Ein kan velje mellom fordjuping i samanliknande politikk eller historie.

I første semesteret tek alle studentane i programmet ex.phil, SAMPOL103 Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk. I andre semesteret tek studentane i programmet EUR103 Europa etter 1945: ressursar, demografi, økonomi og EUR105 European Union Institutions, Politics and Policy. Emna i første og andre semester er obligatoriske i programmet. Frå og med tredje semesteret vel studentane fordjuping i anten samanliknande politikk eller historie.

Oppbygging av studiet:

Felles studium 1. og 2. semester

Fordjuping samanliknande politikk 3.-6. semester

Fordjuping i historie 3.-6. semester

Delstudium i utlandet

Det vert forventa at du reiser på utveksling som del av graden din i europastudiar. Eit semester i utlandet vil gi deg nye akademiske perspektiv og språkleg- og kulturell erfaring som du kan dra nytte av seinare i studie- og yrkeslivet. Utveksling er lagt til 5. semester i graden. Historie og samanliknande politikk har lange tradisjonar med internasjonal verksemd og har samarbeidsavtalar i mange land. Du kan velje mellom ei rekke anbefalte partnerinstitusjonar i Norden og Europa som tilbyr utdanning innan samfunnsvitskap/statsvitskap og historie/ humanistiske fag. Vi hjelper deg med å finne det utdanningstilbodet i utlandet som passar til dine faglege interesser og planar.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Nokre av emna har obligatoriske aktivitetar som må gjennomførast for å fullføre emnet og/eller framstille seg til vurdering. Desse krava går fram av emneskildringane.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved heimeeksamen, skuleeksamen og semesteroppgåve.

Grunnlag for vidare studium

I det treårige bachelorprogrammet studerer du samanliknande politikk og historie. Du fordjupar deg, med vekt på Europa, anten innanfor samanliknande politikk eller historie.

Etter bachelorprogrammet kan du søkje om opptak til eit toårig masterprogram i anten samanliknande politikk eller historie, avhengig av fordjupinga du har valt i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Programmet vil kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Europa er etterspurt. Yrkesmuligheitene vil variere ut frå kva fordjupingar og emnekombinasjonar studentane vel, men vil kunne omfatte massemedia, næringsliv, offentlege organ, internasjonale organisasjonar og undervisning.Opphaldet i utlandet vil gje deg kunnskap, erfaringar og evne som vert etterspurt av arbeidsgjeverar.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringsrapportar for heile studieprogrammet og for einskildemne finn ein i Studiekvalitetsbasen (http://kvalitetsbasen.uib.no).

Administrativt ansvarleg

Institutt for samanliknande politikk.

E-post: studieveileder@isp.uib.no