Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Innovasjonspedagogikk:

Ei oppdagingsreise i usikkerheit

Professor Lars Nyre og studentane skal ta i bruk det nyaste innan HTC Vive-teknologi. Saman med studentane skal han stille spørsmålet: Kva er dette? Og korleis kan vi bruke det?

Media Futures bilde av student med VR briller
– Når vi nyttar innovasjonspedagogikk for å lære studentane til å arbeide med usikkerheit og risiko, rustar vi dei for framtida, seier professor Lars Nyre.
Foto/ill.:
Robert Nedrejord

Hovedinnhold

 – Denne våren skal vi våge å klatre langt ut på greina, seier Lars Nyre.

Professoren ved Institutt for informasjons- og medievitskap er spent.

Han er ansvarleg for kurset MIX 202:Design for mediebruk.

Her skal han og studentane arbeide med moglegheitene som ligg i å lage journalistikk for HTC Vive-briller. Det er ein ny teknologi: Verken Nyre eller studentane har lang erfaring med HTC Vive.

– Det er eit kraftig medium, som gjev ei oppleving av mixed reality. Brillene har kamera på utsida, og ein form for skjerm innvendig, som gjer at det du ser kan manipulerast. Det er kort sagt ganske crazy, seier Nyre.

Ny teknologi opnar for kreative løysingar

Ved hjelp av HTC Vive-teknologien skal studentane finne ut meir om persepsjon av nyheiter, og vonaleg også simulere nye former for nyheitsformidling. Ettersom teknologien er uetablert, er utstyret dyrt. Studentane må dele på dei innkjøpte brillene, som tek Virtual reality-teknologien eit langt steg inn i framtida.

Det handlar om innovasjonspedagogikk. Og om å finne ut kva som skjer når ein professor vel å legge til side ekspertisen som er opparbeidd med doktorgrad og publikasjonar, og saman med studentane stiller nokre basale spørsmål: Kva er dette? Og korleis kan vi bruke det?

Usikkerheit som metode

– Vi konstruerer ei usikkerheit som studentane må lære seg å vere i, fortel Nyre.

Og når professoren ikkje let nervøsiteten ta overhand, er det fordi han veit at det har gått bra før. Innovasjonspedagogikk som metode har vore brukt ved kurset over fleire år, og med gode resultat. Tidlegare kull har mellom anna laga Virtual reality-journalistikk som fortel noko plastproblemet, om korleis det er å vere schizofren, om rusmisbruk og om kryonikk.

– Fri og eksperimentdriven grunnforsking

Nyre samanliknar innovasjonspedagogikk med ei oppdagingsreise. Studentane veit ikkje heilt kvar dei skal, eller kva dei vil oppleve på vegen. I si reine form er dette fri og eksperimentdriven grunnforsking, seier han.

Når studentane får prøve nye og umodne teknologiar, er dei lite bundne av konvensjonar. Samtidig kan dei prøve ut grensene for mediets form. Kasta ut på djupt vatn må dei gå saman om å bygge flåten dei treng.

Samtidig vert det stilt krav til at dei skal levere eit arbeid prega av godt handtverk. Studentane ved MIX202 skal først intervjue mediebrukarar, og så skal dei gjere teknologiske eksperiment med Augmented Reality basert på intervjua.

Målet er klart: Å gjere studentane robuste nok til å tole trendskifta og teknologiutviklinga dei vil møte i den verkelege verda.

Endring er normalen

– Kjerneaktiviteten til undervisarar er å formidle etablert kunnskap om historiske forhold og verdiar – om  det som allereie finst. Tradisjonelle kurs har ei konserverande rolle. Men det som veltar mot oss i toppfart er nye praksisar, nye teknologiar, nye problemstillingar.

Ta berre foto- og filmestetikken, seier Lars Nyre. Med hendene teiknar han eit rektangel.
– Tidlegare fortalde vi om denne flata. Om estetikk, teknikk og det gylne snitt. No har du 360-kamera, og mykje av det som gjaldt for biletformatet er ikkje lenger gangbart.

– Teknologiutviklinga er for omfattande til at den kan overlatast til realistane og teknologane aleine. Perspektiv og metodar frå humaniora og samfunnsvitskapen er tiltrengt, seier professoren.  

Ein etterspurt kompetanse

MIX202 vert halde i samarbeid med forskingsprosjektet VisMedia, som er støtta av Forskingsrådet, samt aktørar i Bergens mediebransje i Media City Bergen (MCB).

– Medieteknologibransjen treng folk som har ei stødig evne til å forstå kvifor endringar skjer. Dei etterspør også folk som evnar å lage nyttige, overraskande og interessante teknologiske løysingar. Då må vi våge å ta i bruk det som vi ser på som heilt nye - og kanskje litt farlege - teknologiar, seier Lars Nyre.

studentar

Ingen trur at mediebransjen kjem til å falle til ro. Også i framtida vil mediebransjen vere full av paradoks som ikkje kan løysast. Kurset MIX202 gjev studentane verktøy dei kan bruke seinare, meiner professor Lars Nyre.

Foto/ill.:
Simon Brandseth