Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidade Nova de Lisboa og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandPortugal
  • ByLisboa
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for masterstudentar i systemdynamikk.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar i systemdynamikk kan reise på utveksling til Lisboa gjennom denne avtalen i sitt 2. semester.

Språk

Alle emna i ESMD-programmet har engelsk som undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Masterstudentar i systemdynamikk kan ta emne i ved Universidade Nova de Lisboa som blir tilbode i vårsemesteret på EMSD-programmet som alternativ til emna GEO-SD306, GEO-SD308 og GEO-SD321 ved UiB.

Emna ein kan ta i Lisboa er dei følgande:

  • Sustainability Science (10 ECTS)
  • Integrative Modelling (10 ECTS)
  • Sustainability Strategies Lab (10 ECTS)

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon