Hjem
Studentsider
norpart

Muhimbili University of Health and Allied Sciences og Det medisinske fakultet (NORPART - (PEPER))

  • LandTanzania
  • ByDar es Salaam
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeNorpart
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for farmasistudentar. 3-4 studentar kan reise kvart år, i perioden 2020 - 2025. Kva masteroppgåver som er tilgjengelege, blir presentert kvart år i februar.

Når i studiet kan eg reise

Farmasistudentar kan reise på utveksling i sitt 9. og/eller 10. semester.

Språk

Ved Muhimbili University of Health and Allied Sciences er undervisningsspråket engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Farmasistudentar kan reise til Muhimbili University of Health and Allied Sciences i siste år av studiet. Dette året skriv studentane masteroppgåve og tar 15 studiepoeng med valemne. Ein kan ta delar av masteroppgåva i Tanzania (minimum 3 månader) eller heile masteroppgåva (10 månader).

Studieavgift

Utvekslingstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon