Hjem
Studentsider
bilateral

Ritsumeikan Asia Pacific University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByBeppu City
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar frå bachelorprogrammet i japansk vert prioritert, men også andre studentar på lågare grad kan søke. Det er krav om eit karaktersnitt på minst D.

Denne avtalen vert normalt berre lyst ut ved fristen 25. august.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om når du kan reise ut på ditt studieprogram. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Språk

Universitetet tilbyr parallelle emne på engelsk og japansk, så ein treng ikkje kunne japansk for å studere ved APU som utvekslingsstudent.

Kva emne kan eg ta

Universitetet har to fakultet: College of Asia Pacific Studies og College of International Management. Formålet til College of Asia Pacific Studies er å gi studentane grunnleggande kunnskap om kultur, historie, samfunn og natur i Asia og Stillehavsregionen. Tilbodet ved College of International Management omhandlar asiatiske språk, kultur, samfunn, kommunikasjon, økonomi m.m. Utvekslingsstudentar kan fritt velje emne frå begge studieretningane, men kan berre ta emne på lågare grad. Universitet tilbyr òg språkkurs i japansk på ulike nivå.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer16 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med APU som inneber at vi får eit visst antal friplassar i året. Dette forutset at dei også sender studentar til oss. Universitetet krev eit karaktersnitt mellom C og D for å gi opptak.

Studentrapportar

Utsikt
Foto/ill.:
© Ritsumeikan Asia Pacific University

Informasjon