Hjem
Studentsider
erasmus+

ISCTE - Instituto Universitário de Lisboa og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)

  • LandPortugal
  • ByLisboa
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar. Det er eit krav at søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. eller 5. semester av bachelorprogrammet.

Språk

Undervisningsspråk er portugisisk og engelsk. B1 nivå (CEFR) i portugisisk eller B2 i engelsk vert anbefalt. Institusjonen tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr emne innan sosialantropologi og sosiologi, men ein kan og ta emne innan andre samfunnsfag. Ein oversikt over praktisk informasjon og engelske emne finn ein her.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon