Hjem
Studentsider
bilateral

Penn State Law og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår)

  • LandUSA
  • ByState College
  • Studieplassar12
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til studier ved Penn State Law i eitt semester må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

Dersom ein oppnår gode resultat det første semesteret ved Penn State University er det mogleg å søke overgang til LLM og utvide opphaldet til to semester.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Studentar som vel å utveksle i haustsemesteret har fordelen av eit 10-dagars introduksjonskurs til amerikansk rett, i tillegg til ein studietur til Washington DC ei helg rett etter studiestart. Dette vert ikkje tilbydd i vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Du kan óg skrive ei oppgåve som kan godskrivast som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap. (Om ein er på utveksling i eitt semester kan ein søke godskriving for enten spesialemne eller masteroppgåve, ikkje begge delar.)

Ved utveksling i eitt semester tek du fag saman med dei amerikanske studentane som går på "Law School" og vel fag frå JD-programmet. 12 credits per semester tilsvarar 30 studiepoeng.

Dersom ein skriv ei stor oppgåve under utvekslingsopphaldet, kan ein søke fritak for masteroppgåve. (Om ein er på utveksling i eitt semester kan ein søke godskriving for enten spesialemne eller masteroppgåve, ikkje begge delar.)

Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne. Ved Penn State Law er det mogleg å skrive ei stor oppgave som kan tilsvare en norsk masteroppgave i omfang gjennom å ta emnet "Independent Study", der du sjølv vel tema og finn ein rettleiar frå Penn State Law. Det er óg mogleg å skrive ei oppgåve gjennom å ta eit "Seminar Course", men i slike fag er oppgåva sjeldan så lang som 12 000 ord slik at ein må derfor avtale særskild med kursansvarleg at det er greitt at ein skrive litt lenger for at oppgåva skal kunne tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 12 credits per semester.

denne nettsida finn du oversikt over emna som tilbys ved Penn State Law.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det er også mogeleg å ta ein LLM-grad ved Penn State Law og få godkjent heile 5. studieår. Dersom du i utgangspunktet har søkt utveksling kun for eitt semester, kan det likevel vere mogeleg å søke overgang til LLM og utvide til to semester dersom du har oppnådd gode resultat i det første semesteret og det passer i utdanningsplanen din.

Studieavgift

Studieåret 2025/2026 blir det tilbod om følgjande:

  • to (2) gratis utvekslingsplassar ("Exchange") for eitt semester for haustsemesteret 2025 og to (2) gratis utvekslingsplassar for eitt semester for vårsemesteret 2026. Desse plassane blir tildelte dei med best loddnummer i loddtrekninga.
  • fire (4) plassar med skulepengar ("Study Abroad") for eitt semester for haustsemesteret 2025 og fire (4) plassar med skulepengar ("Study Abroad") for eitt semester for vårsemesteret 2026. Dei som ikkje får tilbod om gratisplass betaler skolepengar. For 2024/2025 er ordinære skolepengar ("tuition") for eitt semester 28 464 USD (tisvarande halv LLM). Bergensstudentar får 75 % rabatt på skulepengane og betalar 7 116 USD i skolepengar. Avgifter («fees») på om lag 600 USD kjem i tillegg til skolepengane.

Dersom ein undervegs ønskjer å utvide opphaldet frå eitt til to semester for å fullføre LLM-studiet vil ein få 50 % rabatt på skolepengane på LLM-programmet i semester 2 (mot 75 % rabatt hvis ein vel LLM-programmet frå start).

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om forsikring

Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved Penn State University finn du på denne nettsida.

Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Dei siste åra, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

Penn State Sizzle / 2019

Produsent:
Penn State University

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© The Pennsylvania State University

Informasjon