Home
Global Challenges
Arrangement

Dementia – how do we prepare for the future?

Can music help delay the development of Alzheimer's?

Eldre mann med kvitt hår som ler
Photo:
Logan Weaver/Unsplash

Main content

Demens er Noregs dyraste sjukdom. Med aukande levealder stig talet på personar med demens raskt. Dette gjer at vi må tenke annleis kring korleis vi handterer den aldrande befolkninga.

For pasientar med Alzheimer, den vanlegaste demenssjukdommen, forsvinn liva fordi minna blir borte. Men musikkterapi kan hjelpe dei til å vekke minna til live att. Kan dette vere eit billig tiltak som utsett sjukdomsutviklinga, betrar livskvaliteten til både pasientar og pårørande, og derfor sparer helsevesenet for store summar?

Tobias Bashevkin (Institutt for biologisk og medisinsk psykologi) forskar på om musikkterapi kan bidra til å forseinke utviklinga av Alzheimer. I samtale med Simon Øverland (UiB) vil han ta oss gjennom korleis musikkterapi fungerer og korleis det kan bidra til å førebygge og utsette demens.

Arrangementet finn stad på Litteraturhuset i Bergen og er gratis og ope for alle.