Home
Geophysical Institute

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Pris for framifrå undervisning

Olav Thon Stiftelsen gir pris til professor Helge Drange

Den 8. mars deler Olav Thon Stiftelsen ut sine priser for forskning og undervisning innan medisin og naturvitskap.

Helge Drange mottar prisen i Universitetes aula.
Helge Drange mottar prisen i Universitetes aula.
Photo:
Katrine Lunke

Main content

Ein av fem nasjonale priser for framifrå undervisning, går til professor Helge Drange ved Geofysisk institutt. Prisvinnarane får 500 000 kroner kvar. Stiftelsen begrunner pristildelinga slik: Helge Drange har gjennom mange år vist en særdeles stor innsats gjennom sin undervisning. Han er en meget engasjert og kunnskapsrik underviser, har spesielt god kontakt med studentene, og er ellers en formidler av klimakunnskap av nasjonalt format.

Helge Drange underviser nybegynnerstudentar, masterstudentar og han formidler faget sitt til mange fleire. I 2010 fekk han Meltzerprisen for formidling.

Professor Helge Drange er ein av initiativtakarane til prosjektet Ekte Data, som gir elevar i den vidaregåande skulen oppgåver med tal frå naturen. Prosjektet hentar målingar og datasett fra vatn, land og luft, og lagar oppgåver tilpassa matematikk- og naturfagundervisning på ulike trinn. Ekte data er utvikla av Geofysisk institutt og Skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen.

Geofysisk institutt gratulerer Helge med prisen!