Tilrådde fagprofilar i samfunnsøkonomi
For dei som ønskjer tydelegare fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to tilrådde fagprofilar.
Main content
Instituttet har avtale med Norges Handelshøyskole (NHH) om at studentane som er tatt opp på dei respektive masterprogramma, kan ta einskildkurs på begge institusjonane. Nærmare bestemt har våre studentar tilgang til einskilde kurs på følgjande masterprofilar ved NHH: Economics (ECN), Økonomisk styring (BUS), Økonomisk analyse (ECO) og Finansiell økonomi (FIE).
Vi har lagt til rette for at våre studentar kan ta deler av mastergraden på NHH, ved at vi har sett saman tilrådde fagprofilar basert på ulike kurskombinasjonar.
Fagprofilane er tilrådde kombinasjonar av emne til dei som ønskjer tydelegare fordjuping i løpet av studiet. Dette er altså frivillige forslag til strukturering av emnetilbodet på dei to institusjonane; studentane kan fritt kombinere emne på tvers av fagprofilane, og kan sjølvsagt ta valemne som ikkje er inkludert i profilane, dersom dei heller ønskjer dét.
- «Velferd og politikk» er tilrådd for studentar som siktar seg inn mot å jobbe i offentleg sektor
- «Bedrift, strategi og marked» er tilrådd for studentar som siktar seg inn mot å jobbe i privat sektor
Profil | Velferd og politikk |
UiB | ECON343 Emp. forsk-design |
NHH | ECN425 Solving economic and social problems with big data BUS428 Økonomisk organisasjonsteori BUS448 Auctions, sales and procurement |
Profil | Bedrift, strategi og marked |
UiB |
|
NHH | BUS428 Økonomisk organisasjonsteori ECN430 Emp. methods & appl. in macro and fin. ECN431 Data driven buisness analysis BUS448 Auctions, sales and procurement |