Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
DIGITALT UNDERVISNINGSFORUM

ChatGPT – eit nytt humanistisk lærings- og kunnskapsparadigme?

Alle tilsette ved HF som er involverte i undervisning, både fagleg og administrativt, er inviterte til digitalt seminar onsdag 19. april.

Gruppearbeid
I kva grad og på kva måte utfordrar ChatGPT humanistiske lærings- og erkjenningsformer?
Photo:
Emil W. Breistein

Main content

ChatGPT vart lansert i november 2022. Dette ein chatbot som reiser ei rad nye problemstillingar for alle som er involverte i utdanning på eitt eller anna vis. Eit sentralt spørsmål er kva den nye chatboten har å seia for vurdering og eksamen. I ein vidare forstand utfordrar han den kunnskapsproduksjonen som skjer gjennom lesing og skriving, som er kjerneaktivitetar innanfor humaniora.

I kva grad og på kva måte utfordrar ChatGPT humanistiske lærings- og erkjenningsformer? Kva moglegheiter har høgare utdanningsinstitusjonar til å handtera dei utfordringane ChatGPT representerer? 

Innleiarar:

•    Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur
•    Førstebibliotekar Pål Steiner og representantar frå Universitetsbiblioteket

Delta på møtet via denne lenka

Digitalt undervisningsforum vert arrangert av Studiestyret ved HF ein gong i semesteret. Føremålet med forumet er å drøfta og utveksla erfaringar knytt til undervisning på tvers av fagmiljøa ved fakultet. Målgruppa er både undervisarar og administrativt tilsette.