Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Studiestart

Humanistar les

Kom og les med oss! Lesing opner døra til humaniora sitt fantastiske univers. Det humanistiske fakultet gir gratis roman til nye studentar og inviterer til lesekafé, bokbad og meire til.

Bilde av bokomslag, forfatter og logo
HUMANISTAR LES: Romanen Chiquitita av Pedro Carmona-Alvarez blir delt ut gratis til alle nye HF-studentar
Photo:
Kolon forlag, UiB

Main content

Alle får ei bok

For å markere starten på eit tilvære som humaniorastudent, inviterer Det humanistiske fakultet til ei felles leseoppleving, der alle nye studentar kan lese ei bok saman. Romanen Chiquitita av Pedro Carmona-Alvarez blir difor delt ut gratis til alle nye HF-studentar.

Det blir lesekafé der ein kan lese og diskutere boka med andre, bokbad der forfattaren fortel og les utdrag, og panelsamtale med forfattar, fagfolk og andre studentar. 

Kvifor les vi?

Student som sitter utenfor Sydneshaugen og leser
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Humanistiske fag studerer mennesket i verda - i nåtida, fortida og framtida. Kva dei tenkjer, lagar, trur på og drøymer om, korleis dei kommuniserer og har innverknad på verda og kvarandre. Humaniora handlar om kva det vil seie å vere menneske. Studia av alt dette byggjer på skriftlege kjelder.

"Bøker er den viktigaste inngangsporten til humaniora sitt fantastiske faglege univers. Vi humanistar les." skriv dekan Camilla Brautaset i si helsing til studentane. Som dekan for eit lesande fakultet inviterer ho alle nye studentar til å ta del i lesefellesskapet og oppleve korleis lesing kan opne dører til eit mangfald av ulike humanistiske fag, nye perspektiv og livslange vennskap.

Forfattar og bok

Portrett av Pedro Carmona-Alvarez
Foto/ill.:
Eva Lene Gilje Østensen

Pedro Carmona-Alvarez er født i Chile, men vaks opp på Kolbotn utanfor Oslo og bur nå i Bergen. Han er både romanforfattar, diktar og musikar.

Chiquitita handler om ei jente som må flykte med foreldra sine frå Chile etter kuppet på 70-talet. Gjennom hennar barndomsminner er vi med på livet på flukt fram til ho ein dag kjem fram til Bergen. Chiquitita er ei melankolsk og poetisk fortelling om flukt, om tida som går, og om dei tinga i livet som ikkje forsvinn.

«Den [Chiquitita] ligner ikke noe annet, briljant, vakker i nærhet og klokskap, men også fryktelig.» Leif Ekle, NRK

«Pedro Carmona-Alvarez gjør gamle minner nye i sin mørke, men håpefulle flyktningfortelling. Det er en bragd.» Mari Grydeland, Aftenposten

Les meir om forfattaren hos Kolon forlag.