Humanistar les på Ad fontes!
Kvar tysdag formiddag 27. august –17. september vil studentpuben Ad fontes samle HF-studentar til boklesing, kaffe og bollar. Boka vi les er romanen Chiquitita av Pedro Carmona-Alvarez. Den er gratis og kan hentast på Infosenteret på Sydneshaugen skole.
Main content
For å markere starten på eit tilvære som humaniorastudent, inviterer Det humanistiske fakultet til ei felles leseoppleving, der alle nye studentar les ei bok saman. Romanen Chiquitita av Pedro Carmona-Alvarez blir difor delt ut gratis til alle nye HF-studentar.
Kvar tysdag er det lesekafé på studentpuben Ad fontes der du kan lese bok og prate med andre. Klokka 13 serverer vi bollar og kaffe.
"Bøker er den viktigaste inngangsporten til humaniora sitt fantastiske faglege univers. Vi humanistar les." skriv dekan Camilla Brautaset i si helsing til studentane. Som dekan for eit lesande fakultet inviterer ho alle nye studentar til å ta del i lesefellesskapet og oppleve korleis lesing kan opne dører til eit mangfald av ulike humanistiske fag, nye perspektiv og livslange vennskap.