Home
Department of Mathematics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Studiemoglegheiter i utlandet for studentar på Matematisk institutt

Matematisk institutt har mange utvekslingsavtaler, og du kan ta et eller to semestre i utlandet både i bachelorgraden og mastergraden.

Main content

Kor tid passar det å reise?

Det er 4., 5. og 6. semester som er best eigna for utanlandsopphold i bachelorgraden. For masterstudenter er det 1. og/eller 2. semester som er best eigna.

Bachelor: Vi anbefal at du som ønskjer eit semester eller to i utlandet, gjer dette etter at du har fått på plass dei naudsynte obligatoriske faga i graden og at du tek valemner på utveksling. Det er to grunnar til dette:

1. For det første medfører ein solid fagleg basis før utreise at ein kan velje blant fleire avanserte emne som det kanskje ikkje finst tilsvarande av ved UiB.

2. For det andre er ein sikker på at ein har oppfylt dei obligatoriske krava for graden. 

Emna MAT292, STAT292 og MAT264 (bacheloroppgaveemne) inngår normalt i 6. semester i bachelorgraden. Dersom du ønskjer å reise på utveksling i 6. semester, bør du ta emnet MAT292/STAT292/MAT264 i 4. semester.

Master: utveksling bør planlegges før oppstart master. 

Ta kontakt med studierettleiar om du har spørsmål.

Kor vil du reise?

Vi anbefaler at dei som ønskjer eit delstudie i utlandet tenkjer på det faglege utbyte om dei vel å reise ut. Av den grunn anbefaler vi avtala som garanterer eit godt matematikktilbod til dei som vel å reise ut

Her finn du alle avtalane på UiB

For å finne avtalen som er den rette for deg:

- Filtrer på "Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet" og bla ned til Matematisk institutt. MI sine avtaler er våre studentar prioriterte til å få reise på. 

- Alternativ: kryss av for "Universitetet i Bergen" for å sjå avtaler som er opne for alle studentar på UiB. Desse avtalene er det større konkurranse om.