Home
Research School in Clinical Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Forskningspresentasjonar fra 2011

Forskerskolen i klinisk medisin ønskjer med dette hjerteleg velkommen til den årlege mønstringa av Forskningspresentasjonar, som blir arrangert 23.-27.januar 2012. Forskarar med tilknyting til dei tre kliniske institutta Institutt for indremedisin, Institutt for kirurgiske fag og Institutt for klinisk medisin skal vise fram sine forskningspresentasjonar som er holdt på kongressar og møter i løpet av 2011.

Main content

Posterutstilling 23.-27.januar: 42 postarar vil bli utstilt i Vestibylen (foajeen) i Sentralblokka frå 23. til 27. januar. Utstillinga vil henge i foajeen heile veka, men blir kort presentert av forskarane i form av ein posterrunde med juryen onsdag 25. januar, sjå program.

Munnlege foredrag torsdag 26.januar: 17 munnlege presentasjonar skal haldast i Store Auditorium, 3. etg i Sentralblokken mellom kl. 09 og 15, sjå program. Alle er velkomne til å komme og høyre på, og det vil vere anledning til å komme og gå etter eige ønske i løpet av dagen. Forskerskolen spanderer lunsj kl 12.15!

Prisutdeling fredag 27. januar kl 12.00: Det blir høgtidleg prisutdeling til dei tre beste presentasjonane i kvar klasse, basert på vurdering av ein fagjury. Prisutdelinga finn stad i Vestibylen (Foajeen), Sentralblokken. Alle er velkomne til å  vere med og hylle årets vinnarar!

Me håpar flest muleg har anledning til å få med seg både posterutstillinga, dei munnlege presentasjonane og ikkje minst prisutdelinga - og ønskjer dykk vel møtt!