Home
The Organisation Development Project

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Informasjonsmøte

Stor interesse for Ou-prosjektet

Egget på Studentsenteret var fullt då dei seks første delprosjekta vart presenterte.

Informasjonsmøte i Egget på Studentsenteret
Egget vart nok ein gong fylt av tilsette som ville få siste nytt i Organsisasjonsutviklingsprosjektet.
Photo:
Jens Helleland Ådnanes

Main content

Fem månadar etter sist informasjonsmøte om Organisasjonsutviklingsprosjektet (OU) var Egget på Studentsenteret nok ein gong fylt av engasjerte tilsette. Interessa for utviklinga av dei sentraladministrative tenestene er utan tvil stort. På møtet vart seks av dei første delprosjekta og arbeidsgruppa sine anbefalingar lagt fram.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm opna møtet. Han påpeikte at utdannings- og forskingssektoren er i stor endring.

– Då er vi avhengige av ein god og velfungerande sentraladministrasjon. Vi må organisere oss på ein best mogeleg måte, og dette møtet er både spanande og viktig, sa universitetsdirektøren. 

OU-prosjektet har som mål å utvikla de administrative tenestene ved UiB. Slik skal dei støtta best mogeleg opp om universitetet sine oppgåver innan forsking, utdanning og formidling.

Prosjektleiar Kari Fuglseth,var glad for at interessa blant dei tilsette fortsatt er stor. Ho påpeikte at prosessen følgjer planen.

– I dag er ein milepåle i prosessen, sidan vi vert førelagt svært godt arbeid, sa Fuglseth. 

Etter innleinga frå Fuglseth presenterte leiarane for delprosjekta deira anbefalingar . 

Du kan også sjå alle presentasjonane her.

Dei fire siste av dei ti delprosjekta vert lagt fram i slutten av februar. Rapportane er  lagt fram for IDU for sentraladministrasjonen, IDU for Universitetsbiblioteket og Forhandlingsutvalet. Innspela frå utvala vil inngå i grunnlaget for styringsgruppa si handsaming av delrapportane.

Her kan du lesa om framdriftsplanen for OU-prosjektet. 

Prorektor Anne Lise Fimreite avslutta møtet, og takka for innsatsen til alle involverte i OU-prosjektet. Ho informerte om UiB sitt pågåande arbeid med ny strategi. Fimreite påpeikte at OU-prosjektet tyder mykje for arbeidet med strategien og å nå dei måla UiB har sett seg.  

– Organisasjonsutvikling er viktig for å nå våre mål, sa Fimreite.