Jørgen Melve
Hovedinnhold
For tretti år sidan begynte eg å studera. Sidan har eg studert og arbeidd på og rundt UiB, dei siste åra som hovudtillitsvald for NTL. Eg har bakgrunn frå instituttråd, fakultetsstyre og for fire år sidan blei eg vald som gruppe C sin representant i universitetsstyret. Det har vore spennande, lærerikt og krevande å sitta i universitetsstyret denne perioden. Men viktigare: tidvis har eg fått tilbakemeldingar frå tilsette som er nøgde med noko eg har sagt, tema eg har trukke fram på møta eller minner meg på ting eg burde nemnd. Dette engasjementet gjev meg energi til å stilla til val att.
Eg stiller til gjenval av di eg ønsker å halda fram med det eg i mine beste stunder har gjort – vera ein tydeleg talsperson for vanlege tilsette sine interesser. UiB er fullt av engasjerte tilsette som brenn etter å gjera ein best mogeleg jobb for UiB, for studentar og for samfunnet. Dette engasjementet må anerkjennast og verdsettast.
Det nye rektoratet har mange positive og fornuftige utsagn om samspelet mellom alle tilsette i valprogrammet sitt og nemner karriere- og kompetanseutvikling for teknisk og administrativt tilsette som ei satsing. Dette har lenge vore eit forsømt område på UiB, og eg vil passa på at dei no lever opp til dette og ikkje lar det bli med orda.
Teknisk og administrativt tilsette er ofte den gruppa som tidlegast, sterkast og tydelegast merkar press om omstilling og effektivisering på kroppen. Ein vil at vi skal arbeida raskare, smartare og på nye måtar. Det er vi vant til, og vi gjer det, men dei som faktisk utfører arbeidsoppgåvene må lyttast til i slike prosessar. Eg vil vera ein vaktar for medvirkning og involvering av tilsette slik at vi saman kan finna løysingar som er bra for UiB så vel som for studentar og tilsette.
Eg vil halda fram med å vera kritisk til strategiske visjonar som ikkje er forankra i tilsette sin kvardag og kjempa for at universitetet legg til rette for at alle tilsette kan yta sitt beste. Eg vil arbeida for at både organisering av arbeidet og fysiske kontorløysingar tek utgangspunkt i kva som gagnar tilsette sin evne til å få arbeidet utført best mogeleg. Eg vil kritisera når det er grunn til det, gje ros når det er fortjent og alltid har vanlege tilsette sine vilkår som mi grunnleggande prioritering.
Som tillitsvald deler eg også NTL sitt grunnsyn: vi forsvarer demokratiet på universitetet og ønsker fortsatt vald rektor. Vi vil ha færre "målingar" av einskildpersonar sin arbeidsinnsats og større tillit til tilsette sitt sunne skjønn. Vi vil at tilsette og fagforeningar skal vera med i prosessar om avgjerder som berører våre arbeidsvilkår. Vi vil at UiB skal gå føre når det gjeld å ta ansvar for miljø og klima. CO2-avtrykket må reduserast på måtar som fordeler belastninga på ein rettvis måte. Alt dette er verdiar som tilsette i og utanfor NTL deler, og som eg vil stå for.