Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Minneord

Professor Øyvind Vågnes (1972-2025)

Vår kjære kollega Øyvind gjekk bort på Haukeland sykehus 7. januar. Han hadde ei tid hatt lungefibrose, som brått vart verre før jul.

Professor Øyvind Vågnes
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Øyvind har satt djupe spor etter seg i den norske offentlegheita, og som det renessansemennesket han var, etterlet han seg ei stor og særs mangfaldig samling tekstar. Skjønnlitteratur, forskingsarbeid, kritikk, sakprosa, omsetjing – alle desse sjangrane meistra han på eminent vis. For den banebrytande boka Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture (University of Texas Press 2011) fekk han den gjeve Peter C. Rollins Book Award, og for sin andre roman Ekko (2005) vart han tildelt Nynorsk Litteraturpris.

Han var også redaktør for ei rekke antologiar og grunnla i 2010 det fagfellevurderte tidsskriftet Ekfrase: Nordisk Tidsskrift for Visuell Kultur. Øyvind var ein sentral bidragsytar også internasjonalt til fagfeltet visuell kultur og sat i redaksjonen til det framste tidsskriftet på feltet, Journal of Visual Culture.

Øyvind var også ein ualminneleg omtykt undervisar og rettleiar. «Verdens snilleste person er borte,» står det no på Øyvind si Facebook-side. Han hadde heilt eksepsjonelt fine faglege og personlege eigenskapar som gjorde han til ein høgt akta kollega.

Øyvind vil bli djupt sakna i fagmiljøet vårt.