Norsk Ordbok a–h (NO-AH)
Universitetet i Bergen har i samarbeid med Høgskulen i Volda teke ansvar for å gjere ferdig den digitale utgåva av Norsk Ordbok og revidere alfabetstrekket a–h. Arbeidet ved prosjektet skjer i tett samarbeid med Revisjonsprosjektet, som er det andre store ordbokprosjektet ved LLE, og med Språksamlingane, som forvaltar ordbokverket og ressursane knytt til ordboka.
Hovedinnhold
Norsk Ordbok - ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet - gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie. Ordbokverket inneheld meir enn 330 000 ordartiklar.
Arbeidet med Norsk Ordbok på papir vart sett i gang i 1929 ved Universitetet i Oslo og vart avslutta i 2015. Det Norske Samlaget har gjeve ut verket i 12 band, fullført gjennom prosjektet Norsk Ordbok 2014 (NO2014) i åra 2002–2015. Under NO2014 vart alfabetstrekket i–å redigert direkte i database. Denne delen, som omfattar om lag 220 000 ordartiklar, er difor søkbar. Strekket a–h er den eldste delen av Norsk Ordbok, og er i dag ikkje tilgjengeleg for søk på nett. Under prosjektet Norsk Ordbok a–h skal denne delen av ordboka reviderast, og den digitale versjonen av ordboka skal gjerast komplett. Prosjektet har fått akronymet NO-AH, og får midlar frå Kulturdepartementet over statsbudsjettet.
Som ei mellombels løysing medan revisjonen pågår, kan ein frå Norsk Ordbok sine nettsider vitja faksimileutgåver av dei eldste banda på Nasjonalbiblioteket si digitale teneste bokhylla.no.
NO-AH som leksikografisk prosjekt rettar seg mot nettbrukaren. Fordi det ikkje kjem noka ny papirutgåve, må ordboka byggjast på til dels nye faglege prinsipp. Ideen om overgang til digital publisering kom som del av den omfattande digitaliseringa av produksjonsprosessen etter 2002. Utan plassrestriksjonane hefta ved papirutgåva er det rom for å utnytte og formidle fleire av dei opplysningane som er tilknytt ordartiklane, og på nye og oppdaterte måtar. I søknaden til Kulturdepartementet for 2019 er målet for prosjektet formulert slik: «fullføra Norsk Ordbok på nett ved å revidera innhald og form på alfabetstrekket a–h (NO-AH), og slik skapa ei komplett elektronisk Norsk Ordbok». Det planlagde resultatet er då eit elektronisk system av ordboksdatabasar i Språksamlingane som skal gje ein eksplisitt, lettbrukt og vitskapleg fundert presentasjon av norsk ordtilfang.
Mange av dei faglege føresetnadene peikar utover alfabetstrekket a–h, men det er altså dette strekket prosjektet må konsentrere seg om.
Kjelder:
Norsk Ordbok sine nettsider.
Johan Myking, Oddrun Grønvik og Stig Jarle Helset (i førebuing): Nettbrukaren i fokus: digitalisering og revisjon av Norsk Ordbok a–h.
Christian-Emil Smith Ore (2012): Nettordbøker og Norsk ordbok – hvordan etablere en vitenskapelig nettordbok. I: Eaker, Birgot, Lennart Larsson & Anki Masttisson (red.): Nordiska studier i Lexikografi 11. Rapport från Konferensen om lexikografi i Norden Lund 24.-27. mai 2011. Skrifter utgivna av Nordiska föreningen för lexikografi. Skrift nr. 12. I samarbete med Språkrådet i Norge og Svenska Akademiens ordboksredaktion, 488–499.
Postadresse:
Arbeidsmetodar i NO-AH
Her kjem det snart meir informasjon.
Idear til master- og doktorgradsprosjekt
Her kjem det snart meir informasjon.