Helse, miljø og sikkerheit ved LLE
Her finn du nyttig informasjon om HMS ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Hovedinnhold
HMS-handboka gjeld primært for tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Informasjonen er også relevant for studentar, gjestar og mellombels tilsette.
Punkta under tar utgangspunkt i Regelsamling Del 3 Personal og HMS, HMS-plan for LLE 2021-2022, og gir lokal HMS-informasjon i tråd med dei overordna HMS-måla til UiB. Informasjonen og HMS-planen skal bidra til at instituttet legg til rette for gode arbeidsfellesskap, trygge og funksjonelle arbeidsplassar, og god sikkerheitskultur og beredskap.
Ansvar og oppgåvefordeling innan HMS
Det er instituttleiar og administrasjonssjef ved LLE som har det overordna ansvaret for helse, miljø og sikkerheit. Alle ved instituttet har ei rolle og eit ansvar for aktiv medverknad i arbeidsmiljøet.
Verneomboda skal ta vare på dei tilsette sine interesser i arbeidsmiljøsaker. Verneomboda har ein tilsynsfunksjon og er samarbeidspartnarar for leiinga.
Her kan du lesa meir om korleis verneomboda ved UiB er organiserte, og om verneomboda sine oppgåver.
Brannvern og beredskap ved LLE
Beredskap
I ein beredskapssituasjon har instituttleiar det øvste ansvaret, dernest administrasjonssjef.
Sjå informasjon om beredskap ved Det humanistiske fakultet.
Brann
Brukarrepresentantane har ansvar for å koordinere brannvernet før, under og etter evakuering (alarm). Meld deg på gjennomgang av rutinar ved evakuering, synfaring av rømingsvegar og samlingsplass for tilsette som jobbar i HF-bygget (vår 23).
Møteplass/mottaksbygg for brann for HF-bygget er Haakon Sheteligs Plass 7: utanfor hovudinngangen til HF-bygget, til høgre mot Universitetsbiblioteket.
Kva gjer du dersom hovudtrappa er stengt?
Heisen skal ikkje brukast ved brann. Dersom hovudtrappa er stengt, skal du bruke baktrappa i hovudblokka eller nødutgangane i S-blokka.
Baktrappa finn du her:
- 4. et. : midt imot rom 423 (til høgre for vasken)
- 3. et. : midt imot rom 319 (til høgre for vasken)
- 2. et. : midt imot rom 232 (til høgre for vasken)
Nødutgangane i S-blokka finn du her:
- 3. et. S-blokk: gjennom rom 364 (Daniel Jung)
- 2. et. S-blokk: gjennom rom 284 (Gjert Vestrheim)
Følgjande er viktig å vite om baktrappa som nødutgang: Du ser det grøne skiltet for rømingsveg i taket/på veggen når du kjem ned til 1. etasje. Her er døra låst med kortlesarlås, og vanlege tilsettkort fungerer ikkje på denne kortlåsen. Ved sida av kortlesaren er det derfor sett opp ein grøn «panikkbrytar». Du kan i nødsfall opne døra ved å trykke på denne, men då bør du ha ein god grunn til å trykke!
Nødutgangar i S-blokka, 2. og 3. et. er gjennom kontoret til høvesvis Vestrheim og Jung. Dørene til desse kontora er kopla til brannalarmen, dvs. at dørene blir låste opp automatisk dersom brannalarmen blir løyst ut.
Sjukefråvær, permisjon, ferie og anna fråvær
Er du som tilsett borte frå arbeid på grunn av sjukdom/sjukt barn/skade, meld snarast frå på e-post: post@lle.uib.no (vitskapleg tilsette) eller adm-lle@uib.no (administrativt tilsette), eller tlf. 55 58 24 00. Om du har undervisning som må avlysast/utsetjast, må du gi studentane beskjed via Mitt UiB, og med oppslag på undervisningsrommet. Ekspedisjonen/studiekonsulent kan hjelpe her.
Hugs fråværsmelding i Outlook og lapp på kontordøra ved planlagt fråvær. Administrativ tilsette skal avtala planlagt fråvær på førehand med adm.-sjef/studieleiar.
Arbeidstid og fråvær, som sjukefråvær, ferie og permisjon, skal registrerast i sjølvbeteningsportalen eller DFØ-appen. Sjå instruks og meir informasjon om tid og fråvær her.
Her finn du ei oversikt over dei ulike typane fråvær og kven som kan bruke dei.
Jul og nyttår
Etter avtale med leiar kan administrativt og teknisk tilsette ved UiB ta fri julafta og nyttårsafta, samt ein dag i romjula.
Fysisk og mental helse
Studentsamskipnaden Sammen har fleire helsetilbod til studentar, mellom anna lege- og tannlegetilbod, psykologar og rådgivarar, og kurstilbod innan studiemeistring og eksamensangst.
Trening
Trening er viktig for både fysisk og mental helse. Fysisk aktivitet fremmar god helse, gir betre humør og søvn, meir energi, og reduserer stress. Studentar og tilsette ved UiB kan få rimelegare medlemskap ved treningssentera til Sammen. Sammen har også kurs og rådgiving innan fleire treningsformer og kosthald, og tilbod om personleg trening.
Universitetet i Bergen har ei rekke tilbod for tilsette som vil trene før eller etter arbeidstid.
Sunne og trygge arbeidsforhold med god psykisk helse
Bedriftshelsetenesta skal hjelpe med å skapa sunne og trygge arbeidsforhold. Alle tilsette ved UiB, og tilknytta ph.d.-kandidatar, kan ta kontakt med bedriftshelsetenesta.
UiB har også eigne informasjonssider med
- oversikt over stader du kan få hjelp og støtte om du har det vanskeleg
- om tilrettelegging ved funksjonsnedsetting og sjukefråvær
- hjelp og tiltak rundt det psykososiale arbeidsmiljøet og psykisk helse
- informasjon om det rusførebyggande arbeidet ved UiB
Her kan du lesa føredrag om tankar og kjensler i arbeidslivet, frå bedriftshelsetenesta.
Tips!
Lange arbeidsdagar med lite bevegelse? Treng du litt "tøy og bøy"? Hugs å røre litt på deg ved stillesittande eller gjentakande arbeid. Kvart 30. til 60. minutt, bør du ta ei pause på 30-60 sekundar, med litt rørsle. Du kan t.d. prøve desse kjappe øvingane.
Arbeidsplassen og databriller
Hugs å veksle stilling ofte og ta små pausar med litt rørsle. Ein godt innstilt kontorarbeidsplass er ikkje god om du brukar han for lenge av gongen. Kroppen vår likar variasjon!
Arbeid ved dataskjerm set store krav til auga fordi ein ofte har kort synsavstand og eit lite synsfelt. Synsproblem eller synsforstyrringar kan ha fleire årsaker, men det første ein bør gjera, er tilrettelegging av arbeidsplassen med tanke på lys og ergonomisk utforming.
Tips!
Meld deg på e-læringskurs i kontorergonomi (MittUiB). I dette kurset lærer du ulike tiltak for å bevara ei god helse på kontoret. Du vil bli i stand til å kunne tilpasse din eigen kontorarbeidsplass i tråd med gode ergonomiske prinsipper.
Databriller for tilsette
Om du opplever synsproblem, kan du ha behov for databriller eller vernebriller med styrke. Optikar som har rammeavtale med UiB, må vurdere dette. Her finn du ut korleis du som tilsett går fram for å bestille databriller og søke om refusjon av kostnader.
Når du ber om refusjon:
Databriller/terminalbriller skal førast på:
Delprosjektnummer: 104004109 – HMS
Koststad: 11210000 - LLE
Type utgiftspost: Du vel då «Terminalbrille»
Velferd og leige av lokale for tilsette
Gode arbeidsfellesskap
Kvar veke sender instituttleiar ut nyheitsbrev til alle tilsette på e-post. Her får ein informasjon om fødselsdagar, jubileum, publikasjonar, gjesteforelesingar, møte og seminar ved, eller arrangert av folk tilknytt, instituttet. Alle kan sende relevante nyheiter til anders.fagerjord@uib.no. Merk e-posten "ukeslutt".
Kvar siste fredag i månaden har vi instituttlunsj kor alle tilsette er velkomne. Her feirar vi mellom anna jubileum, fødselsdagar og publikasjonar, og får korte føredrag og introduksjonar til nye tilsette.
Her finn du oversikt over fagsidene med kontaktinformasjon til alle dei tilsette ved instituttet.