Hjem
Middelalderklyngen
Foredrag

Frå Noas ark til Ormen lange. Om skipsbygging og skipet som symbol

Bergens Sjøfartsmuseum inviterer til foredrag om skipet som kollektivt symbol. Førsteamanuensis Jens Eike Schnall ved UiB snakkar om Noah som skipsbyggjar, arka som kunnskapsmaskin og sist, men ikkje minst, det mest berømte vikingskipet gjennom tidene, skipet til kong Olav Tryggvason, Ormen Lange.

Tresnitt fra 1493 som viser byggingen av Noas ark.
Tresnitt frå Nürnbergkröniken (1493) som viser bygginga av Noas ark.
Foto/ill.:
Bayerische Staatsbibliothek

Hovedinnhold

Alle snakkar om skip og skipsfart, vere det sjøulkar eller landkrabber – skipet er eit kollektivt symbol, og er slik ei kjelde til ei rekke idiom og metaforar. Den latente faren for havsnaud og forlis, fellesskapet om bord eller avreisa til fjerne kystar er alle forestillingar som ligg latent i bildet av skipet. Andre handlar om sjølve konstruksjonen, teknologien og handteringa. Skip er maskinar, og høyrer blant dei største som er konstruerte av menneskehender, både i fortida og i dag.

Her fokuserar me på framstillingar av dei teknologiske sidene ved skipet, slik dei kjem til syne i biletlege og skriftlege kjelder frå mellomalderen og tidleg moderne tid, særleg i forbindelse med byggje- og konstruksjonsbeskrivingar. Me ser til dømes på Noah som skipsbyggjar, arka som kunnskapsmaskin og sist, men ikkje minst, det mest berømte vikingskipet gjennom tidene, skipet til kong Olav Tryggvason, Ormen Lange.

Arrangør er Bergens Sjøfartsmuseum.