UiB-historikar evaluerer grunnlovsjubileet
Jubileet i 2014 er truleg det mest omfattande som nokon gong er gjennomført i Noreg.
Hovedinnhold
Svein Ivar Angell, professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) var med på eit forskingsprosjekt om grunnlovsjubileet, leia av Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning i Oslo. Stortinget var oppdragsgjevar for prosjektet, og ein del av resultata vart nyleg presentert på seminaret «Kunsten å jubilere» ved Universitetet i Bergen.
Angell har studert satsingane under jubileet retta mot barn og unge, som vart definert som den viktigaste målgruppa.
– Under jubileet vart det gjennomført ei rekkje tiltak retta mot barn og unge. Det viktigaste enkelttiltaket var nettstaden «Min stemme», som inneheldt ei rekkje undervisningsressursar som kan nyttast i heile opplæringsløpet frå barnehage til vidaregåande skule, fortel Angell.
Problematisk utføring
Andre sentrale tiltak var «Demokratisenter for unge» ved museet Eidsvoll 1814 og Stortinget si jubileumsgåve til skulane.
– Satsingane mot barn og unge var mynta på å visa fram historia om folkestyret og å legitimera Noreg som liberalt demokrati. Sentrale mål var såleis å fremja demokratisk medborgarskap og kritisk refleksjon, seier historieprofessoren.
Det var likevel ein del aspekt ved måten desse måla vart omsett i praksis på som var problematisk, ifølge Angell.
– Tiltaka retta mot barn og unge var premissbundne på særskilte måtar - dei la til dømes ikkje opp til at den kritiske refleksjonen skulle problematisera det liberale demokratiet eller dei verdiane dette representerer i seg sjølv.
Bok
I ein del av satsingane mot barn og unge var dessutan sjølve utføringsinstruksjonane så detaljerte at dei tenderte mot det illiberale. Dette galdt særleg Stortinget si jubileumsgåve til skulane.
– Hovudproblemet i tilknyting til grunnlovsjubileet var slik sett at målet om å fremja kritisk refleksjon ikkje utan vidare let seg foreina med den institusjonen eit grunnlovsjubileum eigentleg er, konkluderer UiB-historikaren.
Resultata frå prosjektet om grunnlovsjubileet er samla i antologien Kunsten å jubilere. Grunnlovsfeiring og minnepolitikk, redigert av Olaf Aagedal, Pål Ketil Botvar og Ånund Brottveit.