Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Gjestar

Gjesteopphald ved AHKR

Rutinar for invitering av gjesteforskarar og andre gjestar til AHKR

Biletet viser utsikta frå institutt for AHKR. I bakgrunnen ser vi Øysteins gate, Ulriken og Fløien.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

Ynskjer du å invitere ein gjest til AHKR, fyll ut dette skjemaet i god tid før opphaldet skal starte:

Når søknadsskjema er mottatt, vil instituttet gå gjennom informasjonen og den faglege vertspersonen vil bli kontakta for vidare oppfølgjing. 

Alle gjestar, uavhengig av varigheit på opphaldet ved UiB, skal bli godkjent i samsvar med UiBs og AHKRs rutine.

Alle gjesteforskarar ved UiB skal bli godkjende av instituttleiinga før dei kjem. Alle gjesteforskarar skal ha ein fagleg vertsperson på instituttet. Det er den faglege vertspersonen som skal søke instituttleiar om godkjenning av gjesteforskaropphaldet.

Den faglege vertspersonen er hovudansvarleg for mottak og integrering av gjesten, medan administrasjonen følgjer opp praktiske oppgåver. Den faglege vertspersonen bør ha god kjennskap til gjesten og føremålet med gjesteforskaroppholdet ved AHKR.

Når vi vurderer om vi skal vere fagleg vert, bør dette bli sett i samanheng med føremålet for opphaldet og om det er i tråd med AHKR sine strategiske mål knytt til forsking, undervising og/eller forskarutdanning. Verten må òg følgje opp gjesten undervegs, for å sikre at målet med opphaldet i størst mogleg grad kan bli oppnådd.

Instituttet får mange førespurnadar om gjesteforskaropphald. I vurderinga av godkjenning av gjestar og eventuell prioritering mellom gjestar, vil følgjande bli lagt til grunn:

  • Ingen kan vere gjest ved AHKR utan ein fagleg vertsperson som tar på seg mottaks- og oppfølgjingsansvar i tråd med det som står over.
  • Gjesteforskarar som er knytt til samarbeidsforpliktingar på institutt, fakultets- og UiB-nivå blir prioritert framfor andre gjestar.
  • Gjesteforskaropphald som klart bidrar til AHKRs strategiske mål knytt til forsking, utdanning og/eller forskarutdanning vil bli prioritert.
  • Gjesteforskarar med midler til å dekke kostnadar knytt til gjesteopphaldet blir prioritert ved tildeling av eventuell arbeidsplass på instituttet.
  • Gjesteforskarar utan midlar kan bli tildelt arbeidsplass ved instituttet etter nærmare vurdering av instituttleiinga.

 

AHKR sin gjesteforskarpolitikk vart vedtatt i instituttrådet 13. mars 2025.