Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Tverrfagleg emne

AHKR202 - Digitalisering av kulturarven: Teoretisk innføring og praktisk utprøving

Utforsk digitaliseringsprosessar i arkiv og museum med vårt nye, tverrfaglege praksisemne AHKR202! Her får du praktisk erfaring som er relevant for arbeidslivet i museum og arkiv.

Hovedinnhold

Emnet tar for seg nokre av dei grunnleggande digitale ferdigheitene ein vil ha bruk for i forvaltningsarbeid i arkiv og museum

 

Emnet AHKR202 Digitalisering av kulturarven: Teoretisk innføring og praktisk utprøving gjev studentar kunnskapar om og erfaring i digitaliseringsprosessar i arkiv og museum. Målet er at studentane opparbeider ferdigheiter innan digitalisering som er relevant og etterspurt i ulike museum og arkiv. Dette kan gje deg som student eit fortrinn når du skal ut i arbeidslivet.

Kurset er satt saman av forelesningar og praksisseminar. Forelesningane gir kunnskap om grunnleggande digitale ferdigheiter ein vil ha bruk for i forvaltningsarbeid i arkiv og museum. Gjennom praksisseminar skal studentane bli kjende med korleis digitaliseringsprosessen føregår ved tre forskjellige arkiv og museum. Studenten får prøvd ut tre ulike registreringsprogram tilpassa ulike materialtypar; Primus, Asta og Goobi.

AHKR202 passar godt for deg som vil jobbe med ulike former for samlingsforvaltning innan arkiv og museum, og kan gjerne kombinerast med vårt andre praksisemne, AHKR201

For vårsemesteret 2025 er praksisseminara knytt til fylgjande arkiv og institusjonar: