Forskingsetisk utval
Utvalet skal fremme det etiske medvitet i samband med forskinga ved instituttet.
Hovedinnhold
Forskingsetisk utval ved AHKR vart oppretta i 2008 for å fremma det etiske medvitet i samband med forskinga ved instituttet.
Forskingsetikk er forskarskapt vitskapsmoral, utvikla innanfor den vitskaplege verksemda sjølv. Forskingsetikken omhandlar moralske eller etiske prinsipp, verdiar og normer, krav det er viktig å oppfylla og omsyn det er viktig å ta. Den gjeld både tilhøvet mellom forskarar, tilhøvet mellom forskarar og forskingsobjekt og tilhøvet mellom forskarar og samfunnet elles. Den gjeld for både forskarar og forskingsinstitusjonar.
Utvalet har sidan starten vore rådgjevar for instituttet og einskildpersonar ved instituttet i forskingsetiske spørsmål. Det har vore lagt mykje vekt på å få etablert undervising i forskingsetikk. Sidan våren 2010 har utvalet kvart semester halde kurs samla for alle masterstudentane ved instituttet. Vidare er det mellom anna utarbeidd retningsliner for eksamensarbeid, inkludert om habilitet og rutinar ved mistanke om fusk. Utvalet har ved eit par høve hatt i oppdrag frå UiB å gjera undersøking av vitskaplege arbeid der det har vore påstandar om plagiat.