MID102 – Urbane topografiar og nettverk 700–1600 – arkeologiske og historiske perspektiv
Eit tverrfagleg emne innafor arkeologi og historie
Hovedinnhold
MID102 er eit tverrfagleg emne innafor arkeologi og historie. Fokuset er på eit breitt og variert kjeldegrunnlag der målet er å gi ei innføring i sentrale tema i samfunnsutviklinga i Norden i tidsrommet 700–1600. Tema by og byutvikling, handel, nettverk og mobilitet vil stå sentralt. Mellomalderen er ein periode der vi har både arkeologisk materiale og samtidige skriftkjelder.
Emnet vil gi innsikt i tilhøvet mellom materiell kultur – både arkeologisk og humanosteologisk materiale – og skriftkultur i denne perioden. Målet er å gi auka kunnskap rundt tema. Samtidig vil emnet gi innsikt i ulike kjelder og vise metodiske likskapar og ulikskapar i kjeldebruk og tilnæring innafor dei to ulike fagområda.