Hjem
Aktuelt
Excel in Cluster Excellence

EU- gull til Media City Bergen

Media City Bergen har vunne merket European Gold Label for beste klynge. – Samarbeid på tvers av sektorar bygger kvalitet, seier rektor Dag Rune Olsen.

gull til MCB for beste klynge
Medieklynga Media City Bergen feira i februar i år 10 år under same tak. No har klynga vunne det europeiske merket "Excel in Cluster Excellence" for det profesjonelle klyngesamarbeidet.
Foto/ill.:
NCE Media

Hovedinnhold

ECEIs gullmerke «Excel in Cluster Excellence» vart denne veka gitt til medieklynga Media City Bergen. Merket blir gitt for to år av gongen til klynger som viser høg profesjonalitet og sofistikert klyngesamarbeid. 

Utdanning og innovasjon 

Media City Bergen er ei internasjonal kunnskaps- og næringsklynge for mediebransjen der UiB har ei sentral plassering. Under same tak som leiande medie og teknologiselskap som NRK, TV2, Vizrt, BT, IBM og Vimond samarbeider UiB med bransjen om utdanning, og vi samlar eit internasjonalt leiande miljø som utviklar kunnskap og innovasjon i mediesektoren.

– Eg har nok ein gong gleda å fortelje om kor stolte vi er over våre partnarskap og samarbeid i medieklynga. Det er ein måte å samarbeide på tvers av sektorar som verkeleg har vist seg å bygge kvalitet, og eg er veldig glad for anerkjenninga klynga har fått.

Det seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen. 

Moden og veldriven klynge

Eit team frå EU var i Bergen og vurderte klynga i februar i år, og i grunngjevinga for utmerkinga legg dei vekt på nettopp klynga sitt internasjonale arbeid, og då særleg arbeidet med kunstig intelligens. Klynga blir omtala som moden og veldriven, og med imponerande resultat. 

–  At medieklynga blir omtala som moden, skuldast ikkje minst at det er utvikla eit godt samarbeid om forsking, innovasjon og utdanning mellom mediebransjen og Universitetet. I fjor leverte vi SFI-søknaden MediaFutures saman med industripartnarar i medieklynga, og dette ville vore utenkjeleg utan Media City Bergen. 

Det seier leiar for Institutt for informasjons- og medievitskap, Leif Ove Larsen.  

Studentane ein viktig del av klynga

Anne Jacobsen, administrerande direktør for NCE Media, og leiar av medieklynga, har tidlegare uttrykt at det har høg verdi at universitetet er ein del av klynga. 

– Det har faktisk mykje å seie at vi er under same tak. Det er kortare veg mellom akademia og næring, og vi ser at studentane og forskinga møter industrien sine behov. Det gir relevant og framoverlena arbeidskraft og kompetanse, og vi ser at studentane bidrar med idear og inspirasjon. 

Rektor Dag Rune Olsen legg også vekt på studentane sitt bidrag til klynga. 

– For meg er det også svært gledeleg å tenkje på studentane våre som får studere der og som bidrar til utviklinga av sjølve klynga.  Media City Bergen held fram med å være eit flott døme på korleis ein lagar ei solid klynge, seier han.