Hjem
Aktuelt
Seminar

Språk som kvalitet i utdanninga – kva språk lærer ein best på?

Korleis heng språk i undervisning og pensum saman med kvalitet i høgare utdanning? Og kva plass har ferdigheiter i norsk fagspråk i det læringsutbyttet studentar skal sitje att med etter utdanninga?

Illustrasjonbilde av forsiden av handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia
NETTSEMINAR: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Termportalen ved Universitetet i Bergen og Språkrådet arrangerer nettseminar om språk som kvalitet i utdanninga 29. april.
Foto/ill.:
Kunnskapsdepartementet

Hovedinnhold

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Termportalen ved Universitetet i Bergen og Språkrådet arrangerer nettseminar om språk som kvalitet i utdanninga. Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tredde i kraft 1.8.2024, og  handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023. Seminaret vil bli teiknspråktolka.

Program frå kl. 10.00

Etter ei kort innleiing kjem desse innlegga:

  • Studentane sitt læringsutbytte i morsmålet – kva seier Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) ved Gerhard Y. Amundsen, seniorrådgjevar i Nokut
  • Korleis er det for studentane å måtte lære og forstå på eit anna språk enn morsmålet ved Peter Svensson, universitetslektor og dosent, Lunds universitet, Sverige, og medforfattar av boka På engelska förstår jag ungefär
  • Resultat frå studiar og undersøkingar i Sverige om samanhengen mellom språk og utdanningskvalitet ved Hans Malmström, professor ved Chalmers tekniska högskola, Sverige, mellom anna aktuell med intervju i Khrono: Da forskeren undersøkte studenters lesing av pensum, ble han håpefull
  • Om samanhengen mellom språk og utdanningskvalitet frå eit studentperspektiv ved Maiken Køien Andersen, fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO)

Frå ca. kl. 10.35: Panelsamtale mellom innleiarane leia av Kjetil Gundersen, seniorrådgjevar i Språkrådet.