Helix - studentorganisasjonen for molekylærbiologistudenter
Vil du gjere ein innsats i studiemiljøet ditt og få ei enda betre studietid?
Hovedinnhold
Helix blei grunnlagt i 1998 og er eit bindeledd mellom molekylærbiologistudentane og instituttet, blant anna gjennom at dei saman med dei andre studentorganisasjonane har studentrepresentantar i Programstyret og Instituttrådet. Studentorganisasjonen arrangerer ei rekkje både faglege og sosiale hendingar.
Karrieredag
Kvart år arrangerer Helix karrieredag for molekylærbiologar. Det kjem spennande gjestar både frå privat og offentlig verksemd, og mange med utdanning frå Instituttet.
Vaffeltorsdag
Annankvar torsdag er det vaffeltorsdag, kor Helix sel vaflar. Salet av vaflane foregår i Loopen i 5. etasje på Molekylærbiologisk faggruppe.
Bachelor/mastermøte
Som et tilbod til potenstielle framtidige masterstudentar inviterer noverande masterstudentar til ein bachelor/masterkveld. Der fortel dei om oppgåvene sine, emne dei har tatt, om livet på laboratoria og generelle opplevingar om det å vere masterstudent i molekylærbiologi.
Sosiale arrangement
Helix inviterer med jevne mellomrom studenter i molekylærbiologi til andre sosiale arrangement.
Lesesal
Helix administrerer fordelingen av lesesalplasser.