Kva er algoritmisk narrativitet?
Historieforteljing er ikkje lenger eit reint menneskeleg virke.
Hovedinnhold
«Fjernsyn har endra verda!». Eller?
I 1990 argumenterte Raymond Williams for at det eigentleg var omvendt: Sjølv om teknologien bak fjernsyn hadde vore mogleg å skape tidlegare, mangla verda det nødvendige sosiale og økonomiske grunnlaget for TV-ens suksess. Verda var ikkje klar for endringane fjernsynet førte med seg før eit bestemt punkt i historia.
I ein artikkel i Dialogues on Digital Society utvidar Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg denne ideen til våre digitale teknologiar, med vekt på estetikk og eit sentralt CDN-begrep, «algoritmisk narrativitet»:
– Vi påstår at ny introduksjonen av ny teknologi ikkje berre har med vitskap, sosiale strukturar og økonomiske system å gjere, men også estetikk. Og estetikken i dagens teknologi er algoritmisk.
Algoritmisk narrativitet skildrar samspelet mellom menneskeleg forståing av forteljingar og dataprosessering av ulike slag, at historieforteljing ikkje lengre er berre mennesket sitt arbeidsfelt, og ligg djupt i Senter for digitale forteljingar (CDN) sitt DNA. Algoritmar formar no forteljingar på mange ulike områder, inkludert sosiale nettverk kor dei påverkar diskurs og kuraterer minnene våre.
Medan moderne digitale forteljingar ofte følgjer seriale format, er algoritmisk narrativitet og automatisk generert innhald nye trendar vi ikkje har sett slutten på enno.
Introducing the Center for Digital Narrative
Frå mekaniske til elektroniske forfattarar
Den første mekaniske poesigeneratoren, John Clarks «The Eureka», ei maskin som gav deg små vers på latin, kom allereie i 1845, noko som viser at algoritmisk kreativitet ikkje er heilt nytt. Likevel blei den raskt gløymd, kanskje den kom for tidleg for si samtid? (Sjå den i bruk her.)
Raymond Williams vil kanskje tilskrive dette mangelen på eit etablert sosialt og økonomisk fundament. Der filmen gjekk frå å vere eit “sideshow” til teaterstykket til å bli ein del av mainstream då tradisjonelle teatre endra seg og tilpassa seg distribusjonen til filmrullane, hadde den blomstrande bokøkonomien på 1800-talet ikkje plass til poesigeneratorar.
Tross tilbakeslaget heldt estetikken i algoritmisk narrativitet fram. På 1900-talet utforska poetar og forfattarar prosedyrebaserte og restriktive skrivemetodar. Frå Dadaist-forfattarar sine «cut-up»-teknikkar til OuLiPo-gruppas intrikate tekstrestriksjonar, styrte algoritmisk tenking ein liten del av menneskeleg kreativitet. Datamaskiner som autonome litterære maskiner fascinerte tenkjarar. I 1949 argumenterte Geoffrey Jefferson for at maskiner ikkje kunne lage sonetter, med mindre den kunne bygge på «tankar og kjensler». Alan Turing svarte at det ville dei nok få til – sjølv om han også påpeikte at dei som ville setje mest pris på dette truleg var andre maskiner.
Christopher Strachey, ein av Turings kolleger, skapte i 1952 det første elektroniske litteraturverket:
– Dette var ein poesigenerator som tilfeldig kombinerte ulike fraser, adjektiv, substantiv og kjælenamn for å lage korte kjærleiksbrev. Breva kan tolkast som enkle vitsar eller treffande parodiar av heteroseksuell kurtise som Strachey og Turing, som homoseksuelle menn, var ekskluderte frå, skriver Rettberg og Rettberg.
Etter kvart kom meir komplekse generative litteratursystem til, basert på meir avanserte algoritmar. Dagens generative kunstige intelligens (KI), trent på store språkdatasett, produserer samanhengande resultat – om vi kallar det intelligens eller ikkje handlar om korleis vi definerar intelligens.
Kyborgforfattarskap – KI som medforfattarar
Teknologiske endringar gir gevinstar og tap. Nietzsche si overgang frå handskrivne manuskript til skrivemaskin endra skrivestilen hans, til kortare setningar. Skriveteknologiar påverkar minnet – anten det er penn og papir, bøker, skrivemaskiner eller digitale datamaskiner.
Algoritmisk narrativitet inneber ein samansmelting av meiningar utveksla mellom menneske og algoritmar, heller enn teknologisk determinisme. I dag held den same debatten fram rundt generativ KI, som framleis treng ei menneskeleg hand på rattet for å kunne lage komplekse litterære verk. Samarbeidsskriving mellom menneske og KI – kyborgforfattarskap – formar nye sjangrar innan digital litteratur.
Medan internettets tidlege dagar vart ein revolusjon for nye måtar å samtale med folk i verda, er sosiale nettverk i dag ei sterk drivkraft i kommersialisering av kommunikasjon, noko som vekkjer bekymringar om overvakingsskapitalismen (”surveillance capitalism”). Her vi navigerar i kjølvatnet av den nye KI-en sin framvekst, er konsekvensane for forteljing og samfunn framleis usikre, skriver forfattarane:
– Men vi kan vere sikre på at algoritmisk narrativitet vil halde fram med å forandre samfunnet vårt.
Referanse
Rettberg, S., & Rettberg, J. W. (2024). Algorithmic narrativity: Literary experiments that drive technology. Dialogues on Digital Society, 0(0). https://doi.org/10.1177/29768640241255848