Hjem
Gruppe for journalistikkforskning
Publikasjon

Korleis varierer journalististiske kulturar verda rundt?

Jan Fredrik Hovden har vore ansvarleg for den norske delen av eit forskningsarbeid med 67 land: "Worlds of Journalism. Journalistic Cultures Around the Globe".

Forsiden på boka Worls of Journalism
Foto/ill.:
Columbia University Press

Hovedinnhold

Korleis ser journalistar rundt om i verda deira rolle og ansvar i samfunnet? Basert på ein studie av 27500 journalistar i 67 land gjev Worlds of Journalism ei verkeleg verdsomfemnande analyse av dei store skilnadane i korleis journalistar ser på si rolle, deira relasjon til samfunnet kring dei, og innhaldet i og meininga med sitt arbeid. Boka er også eit landemerke for nordisk journalistforsking, ved at den ikkje berre gjer det mogleg å samanlikne dei nordiske landas journalistar, men også korleis desse skil seg frå journalistar utanfor Norden.

Jan Fredrik Hovden har vore med på å utforme undersøkinga, har vore ansvarleg for den norske delen av denne og er medforfattar på fleire kapittel i boka. Han har og vore medforfattar på fleire artiklar basert på undersøkinga, inkludert  “A welfare state of mind? Nordic journalists’ conception of their role and autonomy in international context” (2016) i Journalism Studies og  “The cultural journalist around the globe: a comparative study of characteristics, role perceptions and perceived influences”(2018) i Journalism.

Du kan lese meir om boka her.