Reisebrev frå Luxembourg og Brussel
Forskargruppa for europarett har hatt ein inspirerande og lærerik tur til Luxembourg og Brussel.
Hovedinnhold
Forskargruppa var på plass i Luxembourg føremiddagen onsdag den 16. november. Første post på programmet var eit besøk hjå EFTA-domstolen. Der ønska president Páll Hreinsson oss velkomen, før Legal Secretary Håvard Ormberg fortalte oss litt om domstolen og om kva som rører seg der. Etterpå gav han oss ei omvising. Forskargruppa fekk så anledning til å presentere oss for dei tilsette i domstolen, før stipendiatane våre Chiara Morfea og Marte Dahl Reisæter haldt innlegg om sine avhandlingar. Siste faglege post på programmet hjå domstolen var eit innlegg frå utgreiar Ólafur Isberg Hannesson om "Public Enforcement of EEA Internal Market Law". Etter den faglege biten vart det mingling i domstolen sine lokale, før turen gjekk til Cercle Munster for ein nydeleg middag.
Neste dag stod eit besøk hjå EU-domstolen på programmet. Første post der var ei innføring i sak C-670/21 BA ved ein av praktikantane i domstolen. Saka omhandla spørsmålet om dei tyske reglane for verdifastsetjing av fast eigedom i tredjeland i samband med utrekning av arveavgift er i tråd med retten til fri flyt av kapital. Etter innføringa gjekk vi til domstolens største rettssal for å overvære ei munnleg høyring i saka. Dette gav eit verdifullt innblikk i korleis prosedyrane føregår i praksis, samt i den etterfølgjande utspørjinga frå dommarane og generaladvokaten si side. Utspørjinga leia til og med til ein EØS-rettsleg diskusjon mellom dommarane og partane. Etter den munnlege høyringa fekk vi ei omvising i domstolen. Under omvisinga kunne ein nyte domstolens arkitektur og vakre samling av kunst. Etter omvisinga samla vi oss i eit møterom for å samtale med dommar i EU-domstolen Siniša Rodin, og med dommar og visepresident i EU-domstolen Lars Bay Larsen. Desse vart også med vidare for å ete ein betre lunsj i ein av domstolens lunsjrom. Også dommar Jesper Svenningsen frå General Court var med på lunsjen. Då lunsjen var over tok vi følgje med Svenningsen til ein rettssal. Der haldt han eit innlegg om kva som rører seg i General Court.
Etter Svenningsen sitt innlegg tok vi toget til Brussel. Der samla vi oss med ein gjeng frå ESA for ein framifrå middag på brasseriet Les Petits Oignons. Reisefølget fekk så kvilt seg litt før turen gjekk til ESA fredags morgon. Der vart vi tekne imot av mellom anna direktør for avdelinga Legal & Executive Affairs Melpo-Menie Joséphidès og legal adviser Erlend Leonhardsen. I tillegg var direktørane for avdelingane Internal Market Affairs og Competition and State Aid - høvesvis Jónína Sigrún Lárusdóttir og Harald Evensen - til stades. På programmet stod innlegg frå professorane Halvard Haukeland Fredriksen, Ronny Gjendemsjø og Christian Franklin, og førsteamanuensis Ingrid Barlund, om ulike tema som dei forskar på for tida. Etter desse innlegga haldt tilsette i ESA innlegg om ulike spanande saker som myndigheita arbeidar med for tida. Etter dette vart det lunsj saman med ESA, før reisefølget gjorde seg klare for heimreise.
Vi vil takke EFTA-domstolen, EU-domstolen og ESA for eit glimrande fagleg og sosialt opplegg. Turen var ein stor suksess!