Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Mellomalderforsking

Halsnøy kloster: Jakta på ein tapt skriftkultur

Mellomalderens skriftkultur ved Halsnøy kloster blei hausten 2023 sett under lupa i eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt.

Foto av hus og klosterruin med håndskrifter og segl lagt oppå
Klosterbygningane ligg i dag stort sett i ruinar, men nyare bygningar blant murane vitnar om ei historie som strekkjer seg frå mellomalderen inn i vår eiga tid.
Foto/ill.:
Åslaug Ommundsen

Hovedinnhold

Bitar av mellomalderbøker på norrønt og latin, dokument, segl og notatbøker frå klosterets tid som herregard; alt dette er kjelder som dannar eit bilete av Halsnøy som eit viktig sentrum for skriftkultur og lærdom i Sunnhordland i mellomalderen. Kan me finne både sikrare og djupare kunnskap dersom me ser ulike bevarte brotstykke i samanheng? Dette var tema for eit forskingsseminar på Halsnøy kloster hausten 2023, med deltakarar frå både Universitetet i Bergen, Sunnhordland museum, Nasjonalbiblioteket, Vestland fylkeskommune og Arkivverket.

Halsnøy kloster – spydspiss for europeisk reform

– Opprettinga av augustinarklosteret på 1160-talet var ikkje tilfeldig, men ein del av erkebiskop Øystein sin plan for å forme den norske Kyrkja etter europeisk mønster, forklarte Olav Nenseter i opningsføredraget. Han er utdanna historikar og ein av landets fremste ekspertar på dei norske augustinarane.

Dei som tok del i klosterfellesskapet på Halsnøy var ikkje munkar, men prestevigde kannikar som levde saman etter ein eigen klosterregel. Som prestar kunne dei ta del i dei kyrkjelege pliktene, og også gjere teneste i soknekyrkjene, ein viktig føresetnad for å kunne spele ei nøkkelrolle i kyrkjeleg opplæring.

I bispedømmet Bergen var det opp til biskopen å halde oppsyn med det som føregjekk på klosteret. Mellomalderhistorikar Anna Elisa Tryti trakk fram noko av det rike kjeldematerialet frå første halvdel av 1300-talet. Kannikane på Halsnøy veik ikkje unna for konflikter knytt til verdslege høve, som vedhogst og fiske, samstundes som dei skulle ivareta andelege behov for både seg sjølv og andre.  

Korleis Vår Herre blei til Jomfru Maria

Eit ekte mysterium blei lagt fram av Helge Pedersen, konservator ved Sunnhordland museum. I museets eige er ein klisje i metall frå moderne tid, der motivet skal representere Halsnøys segl frå 1200-talet. Dei opphavlege seglstampane (og alle vokssegl) frå klosteret er tapte. Motivet er basert på ei skisse frå 1800-talet, og syner jomfru Maria på himmelbogen med sol og måne på kvar side, og med den korsfeste Kristus foran seg. Ei slik framstilling syner store likskapar med ei vanleg framstilling av Treeinigheiten; Gud Fader på himmelbogen med sol og måne på kvar side, den korsfeste Kristus framfor, og den heilage ande til stades i form av ei due.

Forskarar har tidlegare peika på at skissa representerer ei feiltolking av originalen. Kvifor er Gud Fader blitt jomfru Maria, og kvifor er dua ikkje med i skissa frå 1800-talet? Kva har i utgangspunktet lege til grunn for skissa slik ho framstår i dag? Og korleis kan seglet faktisk ha sett ut? Dette er ein del av ei større undersøking som Helge Pedersen no har teke fatt på, og som det blir spanande å sjå resultatet av.

Både mellomalderdokument, tidleg moderne korrespondanse, notat og protokollar finst blant materialet som blir bevart og forvalta ved Universitetsbiblioteket, synte Alexandros Tsakos, leiar for Manuskript- og Librar-samlinga. Han har nyleg presentert noko av dette materialet i eit Spesialglimt i På høyden, Halsnøyklosteret ved manuskript og librarsamlingen

Halsnøys tapte arkiv og bibliotek

Klosterarkivet ved Halsnøy har gått tapt, til liks med dei fleste andre klosterarkiv i landet, forklarte historikar Jo Rune Ugulen, som representerer det moderne Arkivverket. Tidleg moderne kjelder (den eldste frå 1672) nemner både brevbok og jordebok, men å lære meir om arkivet ved klosteret er tidkrevjande detektivarbeid.

Tapt er også klosterbiblioteket og eventuelle messebøker brukte i klosterkyrkja, eller andre bøker produserte ved klosteret. Espen Karlsen, forskar ved Nasjonalbiblioteket og ekspert på bokfragment, understreka at det er sannsynleg at lenskanselliet for Hardanger og Halsnøy len på 15- og 1600-talet har nytta handskriftsmateriale frå Halsnøy kloster til innbinding av rekneskap. Han presenterte eit parallelt døme i form av Gimsø kloster, som kunne tenkast å ha spela ei liknande rolle for Bratsberg len. 

Aidan Conti illustrerte at også fragmentmaterialet i Sunnhordland fogderi (under Bergenhus len) kan vere relevante kjelder for klosteret si verksemd. Han presenterte eit fragmentarisk bevart handskrift med lesetekstar for tidebønene og sette dette inn i ein europeisk kontekst.

Ikkje berre tekstar på latin, men også på norrønt er representert blant dei slitesterke bokblada av pergament som er bevart gjennom gjenbruk. Stefan Drechsler trakk fram fragment frå ulike norrøne lovbøker frå perioden 1250-1350, og undersøkte kva både skrift og innhald kan seie om opphavet.

Åslaug Ommundsen la fram eit oversyn over omfang og boktypar representerte i bokfragmenta som er gjenbrukte i innbindingar av Hardanger og Halsnøy len og Sunnhordland fogderi. Fleire av dei liturgiske bøkene frå Sunnhordland blei truleg brukte i kyrkjer som låg i «nedslagsfeltet» til Halsnøy kloster, og kan bidra til å skape eit meir heilskapleg bilete av klosteret si rolle i reigonen. Også Universitetsbiblioteket har eit fragment frå Sunnhordland som kan vere relevant i denne samanhengen.

Klosteret på den grøne øya

– Eit seminar om skriftkulturen på Halsnøy kloster bør haldast på Halsnøy kloster, var tidleg den klare oppfordringa frå samarbeidspartnar og avdelingsleiar ved Sunnhordland museum, Helén Petersen.

Staden der Halsnøy kloster blei lagt, midt i skipsleia og med eit mildt klima og fruktbar jord, er ein sentral del av eitkvart studium av klosterhistoria. Petersen tok dei andre seminardeltakarane med tilbake i tid, til både klosterliv og herregard, hagebruk og utstilling med mellomalderfunn.

Utgangspunktet for seminaret var samanfallande interesser både ved UiB og Sunnhordland museum, leia av Linda Øen, med omsyn til å auke kunnskapen om skriftkulturen ved Halsnøy kloster. Ved UiB har også Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket vore ein aktiv partnar, i tillegg til Forskargruppa i mellomalderfilologi, der studiet av mellomalderens skriftkultur står sentralt. Seminaret fungerte som ei forlenging av samarbeidet i Mellomalderklynga, der Sunnhordland museum allereie er ein av UiB sine samarbeidspartnarar. Gjennom denne typen prosjekt kan universitet og museumssektor samarbeide om både å få fram ny kunnskap og formidle kunnskapen til eit breidt publikum.  

For fleire av deltakarane representerte seminaret ein første smak på langsiktige prosjekt. Målet er å kunne samle bidraga i ein publikasjon om Halsnøys skriftkultur, som kan resentere siste forskingsstatus på ein måte som fenger eit breiare publikum, og som kan knyte an til museets noverande formidling. 

Sjølv om norske bibliotek og arkiv stort sett har gått tapt etter reformasjonen etter 1537 og gjer forskinga meir krevjande, er det ikkje mindre viktig å ta vare på, studere og bevare det som me faktisk har att frå denne viktige perioden.

Korte samandrag av føredraga