Løysingar og tiltak
05.08.2022
Etter å ha kartlagt situasjonen og identifisert utfordringar, er det klart for å utarbeide løysingar og tiltak.
Det er ein fordel om ein kan sparre med utanforståande i denne prosessen. Ta gjerne kontakt med Internasjonalt senter ved behov for å diskutere kva tiltak som kan vere aktuelle.
I fanene under her presenterer vi døme på tiltak og løysingar som studieprogramma i den tidlegare omtalte piloten bestemte seg for å arbeide vidare med på både kort og lang sikt. Desse døma kan kanskje tene som inspirasjon.
Strukturelle tiltak
- Revisjon av studieplan
- Tilrettelegging av mobilitetsvindu
- Tydeleggjere kva semester utveksling bør føregå i
- Sjå på nye former for mobilitet, t.d. kortare utvekslingsopphald, twinning og hybride løysingar
- Utarbeide engelskspråkleg emnetilbod, for å kunne ta imot innvekslingsstudentar løysingar
Samarbeid
- Etablere nye utvekslingsavtalar
- Gjennomgå/kvalitetssikre eksisterande avtalar
- Oppnå betre kontakt med partnarar, t.d. gjennom kontaktreiser
- Utvikle nye former for samarbeid – eit godt døme på dette er fransk og deira Twinning-program
Vidare kartlegging
- Undersøke blant dei vitskapleg tilsette kva som skal til for å fremje utveksling
- Kartlegge kvar studentar ønsker å reise på utveksling
- Kartlegge kva som skal til for at studentar reiser på utveksling
Praktisk
- Forenkle søknadsprosessen