Hjem
For ansatte

Utveksling

Her finn du informasjon som er relevant for dei som har arbeidsoppgåver knytt til utgåande studentmobilitet.

Hovedinnhold

Internasjonal uke

Internasjonal uke vert vanlegvis arrangert i veke 3.

 

SA tek initiativ til planlegginga i løpet av september året før, i form av innkalling til felles planleggingsmøte med dei internasjonale koordinatorane frå fakulteta. Ein plar ha eitt møte til i desember for å snakke om dei siste detaljane.

Kvart fakultet har sin internasjonale dag i løpet av veka, med fokus på utveksling. Fakultetet er då ansvarleg for å utarbeide eit program.

SA si rolle er av koordinerande art, spesielt i samband med annonsering og marknadsføring:

  • Trykksaker: SA får nødvendige innspel frå fakulteta og set i gang utarbeiding av trykksaker (folder og plakat) i samarbeid med KA
  • Lage felles nettside (fakulteta lager også sine eigne nettsider med programmet) med bildekarusell og punkt i kalender
  • Annonsering på Facebook
  • MiSide: her legg fakulteta ut informasjon
  • Pressemelding: SA i samarbeid med KA
  • Eventuell annonsering i Studvest

I etterkant av Internasjonal uke kaller SA inn til eit møte for å evaluere arrangementet.