Hjem
For ansatte

Utveksling

Her finn du informasjon som er relevant for dei som har arbeidsoppgåver knytt til utgåande studentmobilitet.

Hovedinnhold

Etter opphaldet

Karakterutskrift

Samarbeidsuniversiteta sender anten karakterutskrifta direkte til studenten eller til UiB v/avtaleeigar. Dersom avtaleeigar får karakterutskrifta, må den skannast og leggast i dokumentarkivet til studenten i FS. Deretter sender ein epost til studenten om at karakterutskriften er komen, og at han/ho kan søke om endeleg godkjenning. Ein ber også studenten oppgje adressa han/ho ynskjer å få den originale karakterutskrifta tilsendt til, og gjev beskjed om at dersom ein ikkje får tilbakemelding om dette, vert utskrifta sendt til heimeadressa som er registrert i FS.

Godkjenning

Godkjenningsprosessen er det enkelte fakultet sitt ansvar. Les meir her om prosessen sett frå studenten sin ståstad.