Studentar med hørselshemming
Ei utfordring for studentar med hørselstap er gjerne kommunikasjons-situasjonane. Difor er det viktig å tilrettelegge kommunikasjonsarenaer som studentane møter som førelesingar, kollokvium, lab og eksamen. Det er stor variasjon i grad av hørselshemming frå person til person. Nokre er heilt døve og er avhengige av teiknspråktolk medan andre bruker høyreapparat og tekniske hjelpemiddel. Dei fleste hørselshemma nyttar munnavlesing og tale.
Hovedinnhold
Førelesingar
• Undervisinga bør skje i auditorium med teleslyngeanlegg/ infraraudtanlegg. Mange auditorium ved UiB har slik anlegg. Det finst også bærbare teleslyngeanlegg. Sjå eige avsnitt for meir informasjon.
• Det er viktig å gjenta spørsmål frå medstudentar
1) Munnavlesing vert lettare dersom du:
• snakkar med ansiktet retta mot auditoriet/studentane
• snakkar roleg og tydeleg utan å overdrive
• har godt lys på ansiktet
2) Faktorar som gjer det vanskeleg å munnavlese:
• dunkel belysning
• vandring i lokalet
• skjegg eller handa framfor munnen
• tyggegummi/pastillar
3) FM-utstyr
• Einskilde sterkt hørselshemma studentar har FM-utstyr i tillegg til høyreapparat. I så tilfelle kan forelesaren bli bedt om å bere ein liten trådlaus mikrofon. Dermed unngår studenten bakgrunnsstøy. Lyden går direkte til studenten sitt høyreapparat
4) Teiknspråktolk
• Det er viktig med ei god plassering i rommet dersom studenten brukar teiknspråktolk (helst langt framme)
• Tolken simultanoverset til teiknspråk. Studenten må sjå på tolken og kan difor ikkje notere samstundes
• Dersom det er mørkt i lokalet ved lysbilete-/filmframvising, kan ikkje studenten sjå tolken og misser på den måten munnleg informasjon
• Dersom ein ønskjer å seie noko til den hørselshemma studenten, bør ein rette seg til studenten og ikkje tolken
• Tolkane ønskjer ofte å førebu seg i forkant av førelesinga. Dersom det er mogleg, er det ønskeleg med kopi at transparentar eller notat på førehand. Tolkane ønskjer ofte også å lese gjennom pensumlitteraturen i forkant av førelesinga. Tolkane bør få tilgong til emna på Mi Side
5) Notat
• Dersom studenten ikkje kan ta notat på grunn av at han/ho har tolk, vil det vere ein fordel med kopi av medstudentar sine notat. Det beste vil vere å få kopi av førelesaren sitt manuskript/notat.
Teleslyngeanlegg
• Teleslyngeanlegg er eit teknisk anlegg som fungerar som ein taleforsterkar. Den som snakkar har ein mikrofon på seg. Studenten kan høyre forelesaren si stemme direkte i øyret gjennom høyreapparatet.
• Det infraraude anlegget fungerar også som ein taleforsterkar. Førelesaren brukar mikrofon medan studenten har ei snor som blir lagd rundt halsen. Snora fungerar som ei antenne som overfører lyd til studenten sitt eige høyreapparat med "mini- teleslynge".
• Oversikt over kva slags rom som er utstyrt med teleslynger og infraraude anlegg finn de her: https://www.uib.no/utdanning/artikler/2008/12/Oversikt-over-teleslyngeut...