Studentar med skjulte funksjonsnedsetjingar
Desse studentane har ulike typar funksjonsnedsetjingar og dermed svært ulike tilretteleggingsbehov.
Hovedinnhold
• Studentane ser heilt friske ut
• Nokre brukar medisinar som verkar sløvande
• Astmatikarar/allergikarar har særskilde krav til reint miljø
• Nokre kan vere plaga av slappheit/trøyttleik
• Studentar med AD/HD har problem med organisering/strukturering og konsentrasjon
• Studentar med Aspergers syndrom har organisatoriske og sosiale vanskar
Førelesingar
Mange vil ha nytte av:
• opptak av førelesingar
• bruk av PC ved skriving/redigering av førelesingsnotat
• at transparentar og eller manuskript blir tilgjengelege på Mi Side før førelesing
• podcasting av førelesingar
Dersom studenten har angst for å bli spurt eller leggje fram stoff i samband med gruppeundervisning, bør forelesaren/gruppeleiaren ta omsyn til dette.
Pensum
• lydbøker kan vere til nytte for nokre av desse
Andre tilretteleggingstiltak som kan vere aktuelle
• fast lesesalplass
• hjelp til å lage eit realistisk semesterplan/vekeplan
• bruk av elektroniske hjelpemiddel