Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
GOV371: internship partner institutions

Maritime Cleantech

Hjå MCT kan studentar få erfaring med prosjektutvikling, prosjektleiing, prosjektfinansiering, rapportering og gjennomføring av arrangement, seminar og workshop.

Hovedinnhold

Location: MCT har hovudkontor på Stord, med avdelingar i Bergen og Stavanger. Vi er totalt 16 ansatte. 
Studentar hjå oss kan velje å ha kontorplass i Bergen, Thormøhlens Gate 49A (eller ved ønskje - på Stord, Meatjønnsvegen 74). 

About the institution:
MCT er ein verdsleiande hub innan utvikling og implementering av lav- og nullutsleppsløysingar for skipsfarten. MCT vart etablert i 2011, og var ein del av det nasjonale klyngeprogrammet fram til 2021. No har me status som moden klynge. MCT er registrert som ein medlemsorganisasjon med ikkje-kommersielt føremål og har rundt 150 partnarar, som dekkar heile den maritime verdikjeda, inkludert forskings- og utdanningsaktørar og offentlege organisasjonar. Samarbeidet inkluderer leverandørar av grøn energi, teknologi, rederi, verft og myndigheiter som godkjenner nye løysingar før marknadsintroduksjon. Partnarskapet har drive fram banebrytande teknologiar og løysingar som er nøkkelen til å akselerere overgangen til ei utsleppsfri maritim næring. 
MCT har initiert en rekke prosjekt som har fått tildelt midlar frå Innovasjon Norge, fylkeskommunar og kommunar, Ulla-Førrefondet, Enova og EU. Vi jobbar målretta med teknologi- og marknadsutvikling i fleire internasjonale prosjekt. 

Internship at Maritime Cleantech:
Hjå MCT kan studentar få erfaring med prosjektutvikling, prosjektleiing, prosjektfinansiering, rapportering og gjennomføring av arrangement, seminar og workshop. Mykje av arbeidet vårt er også retta mot politiske myndigheiter, både med informasjon, innspel og vurderingar av politiske vedtak. Studentane kan få ta del i møter og aktivitetar me gjennomfører saman med både industrien og politikarar. Årleg arrangerer me også fleire større konferansar og samlingar, eller mindre bedriftsbesøk og webinar, som studentar kan vere med å organisere.