Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
TEKLAB

TekLab

TekLab er eit akademisk nettverk for teknologiutvikling ved Universitetet i Bergen, lokalisert i Media City Bergen

teklab logo
Foto/ill.:
UIB/TekLab

Hovedinnhold

TekLab er eit akademisk nettverk for teknologiutvikling innanfor medier og kommunikasjon. Deltakarane er med fordi dei er kunnskapsrike, nysgjerrige, utforskande og kritiske. TekLab dyrkar deltakarane sine felles faglege interesser på tvers av institusjon og offisiell fagleg bakgrunn.

TekLab er per 2019 eit regionalt nettverk på Vestlandet. Dei fleste av deltakarane arbeider på universitet og høgskular knytt til UH-nett Vest og Gruppe for IKT og medier.

TekLab fremjar ein type forsking som forsøker å kombinera medievitskap og informasjonsvitskap, slik at kunstig intelligens og andre avanserte teknologiar kan brukast best mogeleg for offentlegheita. Denne typen forsking kan kallast mediedesign eller kommunikasjonsdesign. Forskarane lagar prototypar på nye medier, og testar dei kvantitativt og kvalitativt saman med ulike brukargrupper for så å publisera funn og tolkingar av materialet.

Slik teknologisk orientert medievitskap står på utsida av normalvitskapen, i kvart fall i norsk samanheng. Den står både i kontrast til etablert medievitskap ved ikkje å vera særleg analytisk, og i kontrast til informasjonsvitskap ved berre å dreia seg om medier og kommunikasjon. Mediedesign har større vekt i journalistikken og den demokratiske offentlegheita enn informasjonsvitskapen tradisjonelt har pleidd å ha, og større vekt på programmering, design og brukartesting enn medievitskapen tradisjonelt har pleidd å ha.

Mediedesign er avhengig av tverrfaglege team med blant anna humanistar, informasjonsvitarar, økonomar, journalistar, programmerarar, designarar, forretningsutviklar og UX-folk. TekLab sitt fremste mål er å laga ein arena der slike folk kan møtast og verta inspirert til samarbeid om nye prototypar.

Les meir om TekLab på vår nettstad.