Sosiale faktorar i programvareutvikling
Prosessar for programvareutvikling er i stor grad forma av dei teknologiane og verktøya som er tilgjengelege for utviklarane. Men like viktige er korleis arbeidet er organisert, og korleis utviklarane og andre interessentar påverkar kvarandre og samarbeider.
Hovedinnhold
Prosjektet studerer korleis programvareutviklarar vert hjelpne eller hindra i arbeidet av faktorar knytt til sosiale tilhøve, inkludert organisasjon, samarbeid og kommunikasjon, kunnskap, motivasjon, medverknad og andre. Vi nyttar hovudsakleg kvalitative metodar i forskinga, men og kvantitative metodar og designforsking. Data blir ofte samla inn frå profesjonelle utviklingsorganisasjonar for å forstå desse fenomena.
Prosjektets fast tilsette medlemar er professor Bjørnar Tessem og førsteamanuensis Solveig Bjørnestad.
For tida er det seks masterstudentar på prosjektet:
Erlend Andresen: Verktøybruk i smidig utvikling
Mads Tordal: Case-studium av samspill mellom utvikling og drift i testing av nye informasjonssystem.
Tonje Kathrin Ekrheim: Produkteiger sin rolle i Scrum
Sindre Benonisen og Kjetil Bruland: Verdandi – en digital vegg til støtte for et Scrum team
Dag Østgulen Heradstveit: Bruk av og holdninger til Fri programvare i en avdeling av Bergen Kommune.
Oversikt over publikasjoner og masteroppgaver