Hjem
Lektorsenteret

Organisering av lektorutdanninga ved UiB

Lektorutdanninga ved UiB inkluderer fem fakultet og har ei eiga organisering.

Organisasjonskart
Foto/ill.:
Lektorsenteret

Hovedinnhold

Styringsgruppa for lektorutdanninga har ansvar for å fatte vedtak i saker av strategisk betydning for lektorutdanninga og for etter- og videreutdannings-tiltak retta mot skuleverket.

Felles programstyre for lektorutdanninga samordnar arbeidet med studieplanar og undervisning innanfor femårig lektorutdanning (5LU) og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Programstyre har også ansvar for at nasjonale retningsliner, rammeplanar og rutinar for kvalitetssikring vert følgt opp. Programstyre er eit rådgivande organ for styringsgruppa.

Lektorsenteret har fagleg administrativt ansvar for lektorutdanninga ved UiB. Senteret har saksførebuande og utøvande myndigheit i samsvar med vedtak i styringsgruppa og felles programstyre, og det har sekretariatsansvaret for begge desse organa.

Praksisutvalet er eit rådgivande organ for felles programstyre for lektorutdanning i saker som gjeld praksis i lektorutdanninga ved UiB.

Programleiinga har ansvar for å sikre kvaliteteten i programma og å sikre godt samarbeid mellom dei ulike aktørane som inngår i lektorutdanninga. Programleiinga har dialog med programleiarane og/eller emneansvarleg i disiplindelen av programma der det er relevant. Les s.9 i Universitetsstyresaken 76/21 om mandat for programleiing