Hjem
Det medisinske fakultet

Boklanseringsmøte om aldersrelaterte livsstilssjukdomar

Kavli forskingssenter for aldring og demens inviterer til lanseringsmøte av boka "God helse - hva du selv kan gjøre".

Hovedinnhold

Boka "God helse - hva du selv kan gjøre" er skriven av helsearbeidarar og aktive forskarar innan aldersrelaterte sjukdomar der livsstil står sentralt. Redaktør for boka er professor Anette Hylen Ranhoff (Klinisk institutt 2). Medforfattarane Bård Erik Bogen, Marit Stordal Bakken og Randi Julie Tangvik er ph.d.-kandidatar ved fakultetet.

Boka ser på dei store folkesjukdomane, særleg dei som blir påverka av livsstil, og som blir meir vanlege når alderen aukar. Forfattarane har samla råd som byggjer på forsking og klinisk røynsle kring kva ein sjølv kan gjere for å ha god helse. Informasjon og program for møtet finner du her.


Tid: Måndag 10. februar kl.15.00-16.30.

Stad: Auditoriet i 3.etg i SMU-bygget på Haraldsplass diakonale sjukehus.


Møtet er ope for alle.