Hjem
Det medisinske fakultet
Publikasjon

Bergensforskarar oppdaga ny autoimmun sjukdom

Forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) har funne ut at ein sjeldan autoimmun sjukdom kalla APS1 kan vere vanlegare enn ein tidlegare har trudd. Sjukdommen kan føre til diabetes, hårtap, pigmenttap, tannproblem og ei rekkje andre problem, spesielt i indre organ.

Forskargruppa: Professor Eystein Sverre Husebye (t.v.) saman med molekylærbiologane Bergithe Eikeland Oftedal og Aleksander Hellesen
Forskargruppa: Professor Eystein Sverre Husebye (t.v.) saman med molekylærbiologane Bergithe Eikeland Oftedal og Aleksander Hellesen har oppdaga fleire genfeilar som forklarar kvifor nokre familiar får ei opphopning av autoimmune sjukdomar.
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Hovedinnhold

APS1 er arveleg og debuterer vanlegvis i barneåra. Kring 1 av 80 000 nordmenn er råka, men truleg er det store mørketal. Det viser studien som er leia av professor i endokrinologi Eystein S. Husebye ved Klinisk institutt 2, UiB. Årsaken er mutasjonar i eit viktig autoimmunt gen, AIRE. Resultatet blir publisert i det vitskaplege tidsskriftet Immunity 16. juni. 2015. Forskarane ved UiB har samarbeida med kollegaer i Israel, Finland og Storbritannia.


Funna viser at APS1 også kan komme i vaksen alder, men då med meir diffuse symptom. Det er truleg at mange har blitt feildiagnostisert med andre autoimmune sjukdommar, medan dei eigentleg har APS 1.


-Dei nye funna kan bli viktige for rett diagnostisering og behandling i framtida, seier Husebye.

-Legar bør vere obs på at symptom som kan feiltolkast som andre sjukdommar, eigentleg kan vere ein form for APS 1. Det kan vere gunstig å oftare screene pasientane for mutasjonar i AIRE-genet, for få rett diagnose raskt på plass, seier han. 

 

Les meir om saka i Bergens Tidende.

 

For meir informasjon kontakt:

Professor Eystein Husebye - Eystein.Husebye@uib.no – 99 40 47 88

Pressekontakt Marion Solheimmarion.solheim@uib.no – 99 15 28 21