Hjem
Det medisinske fakultet
OPEN DAG

Fakultetet opna dørene for elevar på Open dag

Onsdag 9. mars opna fakultetet dørene for elevar i vidaregående skule som var interessert i å bli betre kjent med studieprogramma vi tilbyr. Elevane fekk møte engasjerte fagfolk og studentar, og fekk forhåpentligvis ei kjensle av korleis det er å vere student hos oss.

Elevar på åpen dag
Foto/ill.:
Ingebjørg Sandvik

Hovedinnhold

Det medisinsk odontologiske fakultet tilbyr fem studieprogram (medisin, ernæring, tannpleieodontologi og farmasi) som ein søker om opptak til gjennom Samordna opptak, men også masterprogrammet i biomedisin opna dørene for elevar som var interessert i fagområdet.

Vi forsøkte å legge vekt på ei praktisk tilnærming til fagområda, og i "Bli kjent med legestudiet" fekk elevane mellom anna prøve seg på HLR, og blei utfordra på kva ein skal gjere dersom ein person fell om foran deg. Representantar frå ferdigheitssenteret bydde på enkle medisinske undersøkingar, som korleis ein kunne sy eit sår, medan visedekan Arne Tjølsen ga elevane eit lite glimt av korleis kroppen vår fungerer og samtalte med dei kring dei ulike forventningane ein vil møte når ein studerer medisin, og skal arbeide som lege.

Tannlege og tannpleiestudentane møtte engasjerte studentar som er under utdanning til å bli tannlege og tannpleiarar, og dyktige fagfolk som arbeider dagleg med tannhelse. I det moderne ferdighetssenteret vårt fekk elevane forsøke seg på å borre i ei tann, og pusse tenner under rettleiing av studentar og tilsette.

Elevane som deltok på "Bli kjent med ernæringsstudiet" blei presentert for kva betydning mat og kosthald har for helsa vår. Elevane fekk eit lite blikk inn i studiekvardagen og kva dei kunne vente seg som student på bachelorprogrammet i ernæring. Ei typisk kostamnese (grundig kosthaldskartlegging) blei også vist fram for elevane, og dei fekk forklart kva som er ulikheita mellom nokre av matvarene som kan sjå ganske like ut, men som likevel har ulik innverknad på kroppen vår. Til slutt fekk dei smake på ulike matvarer.

Interesserte elevar som var med på fagdagen i farmasi fekk prøve seg på å lage legemiddel. Dei fekk utlevert ei oppskrift, og det endelege resultatet blei ei fiks ferdig stikkpille. Erfarne sjukehusfarmasøytar fortalte dei òg om aktuelle utfordringar knytt til legemiddelbruk, og viste korleis farmasøytar er ein viktig del av det tverrfaglege teamet rundt pasienten.

Sjølv om fakultetet ikkje tilbyr noko bachelorprogram i biomedisin var det mange elevar som var interessert i å lære meir om fagområdet. Dei fekk sjå forskarar i arbeid, og prøve seg på litt laboratoriearbeid sjølv.

Vi takkar alle som meldte seg på Open dag ved Det medisinsk- odontologiske fakultet, og ønskjer deg velkomen tilbake som søkar til eit av studieprogramma våre.